Hopp til innhold

Omsorg, faglegheit og gode relasjonar; bli med på laget i Victoriahagen

Arbeidsgiver

Sogndal kommune Bu- og miljøtenesta Balestrand

Sted

Riverdalen 5, 6863 Leikanger

Om jobben

Type ansettelse
Fast, deltid 75%
Antall stillinger
8
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 7. august

Vil du ha ein jobb der du får vere tett på menneske og gjere ein positiv forskjell i kvardagen deira? 

Victoriahagen er ein del av Bu- og miljøtenesta i Sogndal kommune. Me gir tenester til menneske med ulike funksjonsnedsettingar og samansette behov, og arbeider for å skape trygge, meiningsfulle og utviklande kvardagar for den enkelte.  

Turnusordninga inneber 13 timars vakter i kombinasjon med korte kveldsvakter. 

No søkjer me fleire nye kollegaer som ønskjer å vere med på laget vårt til stillingane som er ledig frå dags dato:  

Fast tilsetjing:

  • 3 x 100 % miljøterapeut 

  • 1 x 60 % helsefagarbeidar 

  • 3 x 65,7 % helsefagarbeidar natt 

Vikariat:

  • 1 x 75 % helsefagarbeidar fram til 31.01.2027 

Oppstart etter avtale. 

Korleis er det å jobbe i Victoriahagen? 
Hjå oss blir du del av eit fagmiljø som arbeider målretta for å gi gode tenester og auka livskvalitet til brukarane våre. Me legg vekt på relasjonar, meistring, aktivitet og individtilpassa oppfølging. 

Målet vårt er og ha eit lag som samarbeider tett, støttar kvarandre og deler kunnskap og erfaringar. Samtidig får du stor moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag og bidra med eigne idéar. 

Arbeidsoppgåver 

Arbeidsoppgåvene vil variere noko mellom stillingane, men kan mellom anna omfatte: 

  • Målretta miljøarbeid og individuell oppfølging 

  • Personleg assistanse og praktisk bistand 

  • Opplæring og rettleiing i dagleglivet 

  • Samarbeid med pårørande og andre fagpersonar 

  • Dokumentasjon og fagleg oppfølging 

  • Legemiddelhandtering etter kompetanse og fullmakt 

  • Primærkontakt- og koordinatoroppgåver ved behov 

  • Aktiv deltaking i fagutvikling og kvalitetsarbeid 

Arbeidet ved nattestillingane omfattar særleg oppfølging og trygging av brukarane gjennom natta samt helsefagoppgåver. 

Kven ser me etter? 
For miljøterapeut-stillingane: Du har relevant 3-årig helse-, sosial- eller pedagogisk utdanning frå høgskule eller universitet. 

For helsefagarbeidar-stillingane må du ha autorisasjon som helsefagarbeidar. 

For alle stillingane ønskjer me at du: 

  • Er trygg i møte med menneske 

  • Er sjølvstendig og ansvarsbevisst 

  • Samarbeider godt med andre 

  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø 

  • Ønskjer å vere med og utvikle tenestene våre 

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. 

Me tilbyr: 

  • Meiningsfulle arbeidsdagar der du ser resultat av arbeidet ditt 

  • Godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer 

  • Fagleg utvikling og rettleiing 

  • Varierte arbeidsoppgåver 

  • Løn etter tariff 

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

  • Gratis overnatting mellom vaktene

Sogndal kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller hol i CV-en. 

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som går fram av lover, reglement og tariffavtalar. Det kan bli aktuelt med prøvetid i samsvar med gjeldande regelverk. 

I samsvar med offentleglova kan namnet ditt bli offentleggjort sjølv om du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste. Dersom ønsket ditt ikkje kan takast til følgje, vil du bli varsla før søkjarlista blir offentleggjord. 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Ole Magnus Torset Midtbø

+47 47882503

ole.magnus.torset.midtbo@sogndal.kommune.no

Om bedriften

Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

cd041577-bab9-4ec4-a4d9-069d86cd74c4

Sist endret

10. juli 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3646043_194695_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser