Det er ledige stillingar i Sunnfjordskulen frå august 2026
Sunnfjord kommune Skule
Hafstadvegen 42, 6800 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Barne- og ungdomsarbeidarar og assistentar
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 70%
- Antall stillinger
- 10
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 13. mai
Sunnfjord kommune har 12 skular med ca. 3 000 elevar, og no treng vi nye tilsette.
Du vert ein del av eit fellesskap som arbeider saman for å skape den gode skulen.
Skulane i Sunnfjord kommune har gode faglege resultat og arbeider systematisk med inkluderande skulemiljø.
Du finn informasjon om og link til dei ulike skulane sine heimesider på www.sunnfjord.kommune.no
Vi har ledige stillingar i Sunnfjordskulen frå august for barne- og ungdomsarbeidarar og assistentar:
Skulane våre har ledige stillingar for skuleåret 2026/ 2027.
Skulane søker etter barne- og ungdomsarbeidarar, assistentar, vernepleiar og andre med relevante fagutdanningar.
Du kan gå inn på kvar skule nedanfor og sjå kva dei søker etter.
På skular med SFO eller SFO spesial, gjeld dei utlyste stillingane både skule og SFO om det ikkje står anna er spesifisert.
Årsvikariat varer frå 01.08.2026 - 31.07.2027.
Her finn du meir informasjon om stillingane.
Førde barneskule:
Arbeidstida vert innanfor SFO si opningstid mellom 07.00 - 16.30. Nokre av stillingane er berre på SFO fordelt på 5 dagar.
Det kan vere aktuelt å jobbe i delar av skulen sine feriar.
Halbrend skule
- inntil 3 stillingar på inntil 70 % for barne- og ungdomsarbeidar eller assistent.
- inntil 6 stillingar på 35 % - 40 % på SFO.
Arbeidstida vert innanfor SFO si opningstid mellom 07.00 - 16.30. Nokre av stillingane er berre på SFO fordelt på 5 dagar.
Stillingane er årsvikariat, og følger skuleåret.
Skei skule:
Stillinga følger skuleåret.
Slåtten skule:
- inntil 5 stillingar på 89% - 100 %
inntil 6 stillingar på 35% - 40 % på SFO, både faste stillingar og årsvikariat.
Arbeidstida vert fordelt på 5 dagar i veka.
Kompetansekrav til stillingane er barne- og ungdomsarbeidar eller assistentar.
Dei som vert tilsett må kunne jobbe med barn med spesielle behov.
Nokre av stillingane følger skuleåret.
Sunde skule:
Miljøveiledar i skule og SFO:
89 % mellombels stilling som miljøveiledar i skule og SFO
Krav til utdanning til stilling som miljøveiledar er barnevernspedagog, vernepleiar, sosionom eller bachelorgrad i anna relevant høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag. Det er ønskjeleg med kompetanse innanfor ASK som kommunikasjonsform.
Arbeidsoppgåver for miljøveiledar:
Planlegge og tilrettelegge for elever med særleg behov for støtte og hjelp, inkludert atferdsmessige og/eller medisinske utfordringar. Din jobb blir hovudsakeleg å følge opp enkeltelevar og gjennomføre tilpassa og varierte aktivitetar i skule og SFO tid.
Assistent/ barne- og ungdomsarbeidar:
inntil 3 årsvikariat på 30 % - 45 % på SFO.
Stillinga blir fordelt over 5 dagar og du må kunne ta tidleg/sein vakter på SFO.
Alle stillingane er vikariat for skuleåret 26/27 og følger skuleåret.
Stillingane kan bli utvida med vikararbeid i skulen, og arbeid på SFO i feriar.
Kvalifikasjonar:
Erfaring frå skule/SFO og er ønskeleg.Det er også ynskjeleg med ein mann som kan følgje elevar på symjing.
Vassenden skule:
30 % fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar eller assistent
- 39 % årsvikariat som barne- og ungdomsarbeidar eller assistent
- Stillingar som kjem til fram mot skulestart.
Stillingane følgjer skuleåret med arbeid i skule og SFO. Arbeidstid fordelt på inntil 5 dagar i veka.
Ønske om fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men ikkje eit krav.
Dei som vert tilsett må kunne jobbe med barn med spesielle behov, og kunne samhandle i fysisk aktivitet på elevane sitt aktivitetsnivå.
Må ha interesse for fysisk aktivitet, friluftsliv og kroppsøving. Ønskeleg med mannlege søkarar pga. garderobesituasjon.
Viksdalen skule:
Søker barne- og ungdomsarbeidar eller andre med relevant fagbrev
Stillinga kan verte delt på to tilsette
Stillinga følger skuleåret.
Generelt til alle stillingane:
- Fleire av stillingane inneber oppfølging av elevar med spesielle behov, som t.d. sosial trening, åtferdsstøtte og stimulering til læring.
- Planlegging og gjennomføring av aktivitetar for barnegrupper, ute og inne.
- Fleire av stillingane har arbeidstid både i skule og SFO.
- Det kan bli aktuelt å jobbe i delar av skulen sine feriar.
- Vi oppmodar menn til å søke på grunn av balanse i kjønnsfordeling og garderobesituasjonar i kroppsøving og symjing.
- Stillingar som følger skuleåret får eit trekk på 11 % på lønsutbetalinga for å få løn i skulefrie periodar og dagar.
Krav til søkar:
- utdanning - sjå utlysing på den enkelte skule
- anna relevant utdanning og/eller relevant praksis kan verte vurdert
- gode norskkunnskapar munnleg og skrifteleg
Gyldig politiattest av ny dato må leverast før du tiltrer stilling.
Dersom det ikkje er søkarar som stettar utdanningskrav til stillinga, kan andre verte tilsett i mellombelse stillingar.
Du bør vere:
- god på relasjonsbygging
- like å arbeide med barn, legge til rette for inkludering og læring i skule og SFO
- god allmennkunnskap og erfaring frå arbeid med ulike elevar/elevgrupper med spesielle behov
- arbeide sjølvstendig og systematisk og ha gode samarbeidsevner
- fleksibel og engasjert
- vere ein tydeleg og trygg vaksen med god relasjonskompetanse
- personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr:
- arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
- spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver med stor variasjonsbredde
- godt fagleg og sosialt miljø
- tilsetting etter gjeldande tariffavtale. Kompetansetillegg kan vurderast for særleg kvalifiserte søkarar
- gode pensjonsordningar gjennom KLP
Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju.
Du finn meir informasjon om skulane og stillingane på skulane sine nettsider.
Det kan verte fleire stillingar, og på fleire skular enn dei som står ovanfor.
Om ikkje den skulen du ønsker å jobbe på står nedanfor, så kan du sende inn søknad og skrive den skulen du ønsker å jobbe i søknadsskjema.
Det kan verte endringar på dei utlyste stillingane på grunn av interne overføringar og stillingsendringar.
Velkomen som søkar!Du må søke elektronisk.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Kontakt den enkelte rektor
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
eb38652c-2079-4d57-911f-02823a401f8e
- Sist endret
30. april 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3623489_142837_nn