Administrasjonsmedarbeidar søkes til Sunnfjord Industri
SUNNFJORD INDUSTRI AS
6817 Naustdal
Om jobben
- Stillingstittel
- Administrasjonsmedarbeidar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Sunnfjord Industri AS vart etablert i 1994 og har i dag 12 tilsette.
Bedrifta leverer sveise- og mekanisk arbeid til kvalitetsmedvitne kundar.
Vi veks raskt og er inne i ein spennande fase med store prosjekt og kontinuerleg utvikling.
No ser vi etter deg som vil ta ansvar for administrative oppgåver.
Vi søkjer ein engasjert og allsidig administrasjonsmedarbeidar som kan bidra til å styrkje administrasjonen vår.
Stillinga er nyoppretta, og du vil få høve til å vere med og forme både innhald og arbeidsmåtar etter kvart som vi utviklar oss vidare.
Vi er fleksible når det gjeld stillingsprosent, men trur den vil liggje mellom 50 og 100 % for den rette medarbeidaren.
ArbeidsoppgåverArbeidsoppgåvene vil vere varierte og dekkje fleire område:
-
Kontor og økonomi: fakturering, mottak og handsaming av fakturaer, oppfølging av mappestruktur, varemottak og dokumentasjon knytt til prosjekt.
-
HMS: bidra aktivt i HMS-arbeidet, sørgje for at kurs og sertifikat er oppdaterte, samt følgje opp klede og utstyr.
-
Dokumentasjon og kvalitet: oppfølging og arkivering av dokumentasjon i samsvar med sertifiseringa vår ihht EN 1090.
-
Administrativ støtte: samarbeid med resten av administrasjonen om praktiske og organisatoriske oppgåver.
Vi ser for oss at du har:
-
erfaring frå kontor, økonomi eller administrasjon (gjerne innan bygg eller industri, men dette er ikkje eit krav)
-
god digital kompetanse og strukturert arbeidsform, gjerne erfaring med Office-program
-
interesse for HMS og kvalitetssikring
-
evne til å arbeide sjølvstendig, men òg som ein del av eit team
-
ei nyoppretta stilling med moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag
-
varierte og spennande oppgåver innan fleire fagområde
-
eit godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
-
ordna løns- og arbeidsvilkår
For spørsmål om stillinga, kontakt:
Rolf Smedsrud Tlf. 970 73 100
E-post: rolf@rolfsmedsrud.no
Søknader vert vurderte fortløpande.
Tiltreding snarast mogleg, etter avtale.
Om bedriften
Sunnfjord Industri AS vart etablert i 1994 og har i dag 12 tilsette.
Bedrifta leverer sveise- og mekanisk arbeid til kvalitetsmedvitne kundar.
Vi veks raskt og er inne i ein spennande fase med store prosjekt og kontinuerleg utvikling.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
eb1fdf8c-d7e5-4ef1-af7f-e35a10c56872
- Sist endret
2. juni 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
465085061