Ledige sjukepleie- og helsefagarbeidarstillingar i tenesteområdet Helse- og omsorg, avdeling Vågåheimen
Vågåheimen
Vågå
Om jobben
- Oppstart
- Etter avtale
- Stillingstittel
- Sykepleier
- Type ansettelse
- Fast, deltid 50%
- Arbeidstid
- Turnus, dagtid, kveld og natt, alle dager
Søk på jobben
Søk senest søndag 21. juni
Ved institusjon Vågåheimen i Vågå kommune møter du eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø der humor, tryggleik og samarbeid står sentralt. Vi legg vekt på gode pasientforløp, har høgt fagleg fokus og eit nære samarbeid med heimetenesta, legetenesta, friviljuge, tenestemottakarar og pårørande. Ved oppstart hjå oss får du god opplæring og oppfylging av dyktige kollegaer som gler seg på å få deg med på laget.
Vi har no fleire ledige stillingar for deg som er både sjukepleiar, helsefagarbeidar, eller som har byrja på desse utdanningane.
I tenestene har vi stort fokus på fagutvikling og arbeidar aktivt med kvalitetsforbetring på systemnivå og i dagleg drift. Det er mykje positivt som skjer i tenesteområdet, med m.a. bygging og oppgradering av bygget Vågåheimen til ein topp moderne institusjon! Vi har stort fokus på velferdsteknologiske løysningar, fagleg utvikling og kompetanseheving for våre tilsette. Vi arbeider dagleg med å rigge tenestene på ein slik måte at dei er berekraftige i framtida, der ein nyttar rett kompetanse på rett stad. Vi har ei god blanding av tilsette, både i alder og fagleg profesjon. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Vi har ledige stillingar, både faste og vikariat:
66% sjukepleiar natt -- Vikariat fram til november 2026
80% fast helsefagarbeidar frå 01. september 2026
Helgestillingar frå ca 20-30% stillingar kvar 3 eller 4 helg, vanlege vakter eller langvakter, engasjement stillingar
Tilkallingsvikarar Vågåheimen, yrkesgrupper alle
Vi ber om at de skriv i søknaden kva for stilling du søkjer på.Helgefrekvens er per dags dato kvar 3. helg for stillingar i turnus, men med moglegheit for å endre dette til kvar 4. helg med langvakter. Det kan og vera moglegheit for tilpassing til 3-delt turnus for fleire av stillingane, og langvakt på vekedagar. Om du har andre ynskje for stillingsprosent enn det som er oppgjeve over, ynskjer vi likevel å høyre frå deg.
Tenesteområdet Helse- og omsorg (heimesjukepleie og institusjon Vågåheimen) har felles nattevaktsteam, der 3 tilsette er stasjonert ved Vågåheimen og 1 er stasjonert i heimesjukepleia. Ansvarsvakt sjukepleiar på natt har ekstra godtgjersle.
** **Arbeidsoppgåver:
Kvalifikasjonar
Eigenskapane dine:
Personleg eignaheit vil bli tillagd avgjerande vekt
Det vert kravd politiattest ved tilsetjing.
Vi tilbyr:
Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.
Venlegast informer i søknaden om du kva for type stillingar du søkjer på (samt ynskje om stillingsprosent). ** **
Stillingsstorleikar kan endre seg ved interne rokkeringar. Stillingsprosentane vil ikkje bli delt dersom det er til vesentleg ulempe for arbeidsgjevar. Ved krav om auka fast stillingsstorleik må ein dermed fortrinnsvis ta stillinga slik den er. SøknadSøknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.
Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vågå kommune ligg i Nord-Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane, omtrent midt mellom Oslo og Trondheim, med ei reisetid til begge på knappe 4 timar, så vel med bil som med tog eller buss. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå kommune har ca. 3.550 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv.
Vi meiner at det er viktig med ein god balanse mellom jobb og fritid -- med ei passe mengde arbeidsoppgåver. Er du glad i friluftsliv kan du kople av i både skog og fjell: det finst gode jakt- og fiskemoglegheiter. Den rurale bygda har i tillegg fleire idrettsanlegg med idrettsarenaer, fotballbaner og idrettshall med klatrevegg, skiløypenettverk og alpinsenter, og byr også på meir urbane tilbod som kulturhus, kino og galleri.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
eaf23894-7ea7-42c1-96d6-5cc9ac804327
- Sist endret
2. juni 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
eaf23894-7ea7-42c1-96d6-5cc9ac804327