Ledig 100% stilling sjukepleier, vernepleier eller sosionom med vidareutdanning i rus og psykisk helse.
Vågå Kommune Helsesenter Legetjeneste
Vågå
Om jobben
- Oppstart
- Etter avtale
- Stillingstittel
- Sykepleier
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
Søk på jobben
Søk senest onsdag 1. juli
Om oss:
Vågå kommune jobbar aktivt for å oppfylle dei nasjonale måla i Opptrappingsplanen for psykisk helse (2023--2033). Vi skal bidra til at fleire opplev god psykisk helse og livskvalitet, og at innbyggjarane får lett og likeverdig tilgang til hjelp. Arbeidet vårt er forankra i tre hovudområde:
-
helsefremjande og førebyggande psykisk helsearbeid
-
gode og tilgjengelege tenester der folk bur
-
styrka tilbod til personar med langvarige og samansette behov
Vi legg stor vekt på brukar medverknad, heilskaplege tenester og tverrfagleg samarbeid. Framover vil vi fortsette arbeidet med å utvikle det regionale samarbeidet innan rus og psykisk helse, og vi vil aktivt ta i bruk kunnskapsbaserte digitale verktøy i våre tilbod. Hjå oss blir du ein del av eit fagmiljø som set meistring, livskvalitet og inkludering i sentrum.
Vi er eit engasjert kollegium med variert bakgrunn og utdanning, som jobbar med menneske som har utfordringar knytt til rus, psykisk helse og/eller livsmeistring.
Arbeidsoppgåver:
• Heilskapleg oppfølging av pasientar med psykiske helseutfordringar og/eller rusutfordringar
• Kartlegging
• Behandling i tråd med oppgåvene til 1. linetenesta
• Utarbeiding og oppfølging av individuelle behandlingsplanar
• Tverrfagleg samarbeid med fastlege, heimeteneste, NAV og eksterne aktørar som t.d. DPS
• Rettleiing og støtte til pasientar og pårørande
• Deltaking i gruppetilbod som tur og trening, samt bidra i drift og utvikling av tenesta sitt dagsenter <<HUSET>>
• Deltaking og oppgåver knytt til kommunens psykososiale kriseteam Kvalifikasjonar:
• Autorisasjon som sjukepleiar, vernepleiar eller sosionom
• Vidareutdanning i rus og psykisk helsearbeid
• Erfaring frå arbeid med rus og psykisk helse er ein fordel
• Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
• Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
Eigenskapar:
• Fagleg dyktig og engasjert
• Evne til å vise omsorg og bry deg om andre menneskjer
• Flink til å lytte og formidle kunnskap på ein god og forståeleg måte
• Fleksibel, nytenkjande og løysningsorientert
Personleg eignaheit vektleggast. Aktuelle kandidatar blir invitert til intervju.
Vi tilbyr:
• Eit spennande og meiningsfylt arbeid i eit triveleg miljø
• Stor grad av tverrfagleg samarbeid
• Gode rammer for fagleg utvikling og kompetanseheving
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Løn etter gjeldande tariffavtale
Vågå kommune kan vera behjelpeleg med å skaffe bustad.
Søkjarar kan bli fortløpande vurdert
Søknadsfrist: 01.07.26
For nærare informasjon kontakt tenesteleiar Liv Olasveen tlf: 99028291/47627394 eller epost: liv.olasveen@vaga.kommune.no
Avdelingsleiar: Vera Testad Midtgard mobil 48897211eller e-post:
vera.midtgard@vaga.kommune.noVågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vågå kommune ligg i Nord-Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane, omtrent midt mellom Oslo og Trondheim, med ei reisetid til begge på knappe 4 timar, så vel med bil som med buss eller tog. Kommunestentert Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå kommune har ca. 3.550 innbyggarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv.
Vi meiner at det er viktig å ha ein god balanse mellom jobb og fritid - med ei passe mengde arbeidsoppgåver. Er du glad i friluftsliv kan du kople av i både skog og fjell: det finst gode jakt- og fiskemoglegheiter. Den rurale bygda har i tillegg fleire idrettsanlegg med idrettsarenaer, fotballbaner og idrettshall med klatrevegg, skiløypernettverk og alpinsenter, og byr også på meir utbane tilbod som kulturhus, kino og galleri.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
40ba2a57-c8c7-4a08-8064-69dea1002324
- Sist endret
10. juni 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
40ba2a57-c8c7-4a08-8064-69dea1002324