barne- og ungdomsarbeidar
Aurland kommune
Lunden, 5743 Flåm, Skulevegen 9, 5745 Aurland
Om jobben
- Stillingstittel
- Barne- og ungdomsarbeidar
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 29. desember
Om stillinga
Me har ledig to 100% mellombelse stillingar frå dags dato - 12.08.26. Mindre stillingar kan også vere aktuelt. Begge dei to kommunale barnehagane, Flåm barnehage og Aurland barnehage, har ledige mellombelse stillingar.
Aurland barnehage er ein funksjonell og moderne barnehage, som var ferdigstilt i mars 2022. Barnehagen ligg nær barne- og ungdomsskule, bibliotek, fleirbrukshall og fine turområde. Barnehagen har faste utedagar og eit godt miljø for store og små. Her er fire avdelingar med 16 tilsette og 51 barn.
Flåm barnehage ligg fint til på Lunden. Me er ein god og veldriven barnehage med gode moglegheiter for eit aktivt tilbod med skog, fjell og fjord som nærmiljø. I denne barnehagen er det to avdelingar med 8 tilsette og 27 barn.
Me søkjer deg som er oppteken av å gjere ein forskjell og vere ein aktiv bidragsytar til å skape ein god kvardag for barnehageborna våre. Me ynskjer at du er engasjert, trygg og oppteken av å skapa meistring i kvardagen. Det er fint om du har erfaring frå arbeid med born, men det er ikkje noko krav.
Arbeids- og ansvarsområde
- delta aktivt i barna sin leik og aktivitetar
- skape trygge og gode relasjonar til barna
- observere og følge opp einskilde barn og barnegrupper
- bidra til barna sine sosiale, motoriske og språklege utvikling
- bidra til eit godt og inkluderande miljø for både barn og vaksne
- delta i møter, kurs og intern opplæring
- utføre praktiske oppgåver
- bidra i planlegging og gjennomføring av pedagogiske opplegg
- medverke til gode rutinar og struktur i kvardagen
Kvalifikasjonar
- Me ynskjer at du har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, er ein føresetnad for å utføre arbeidet godt.
Personlege eigenskapar
Barna skal møte engasjerte, kompetente og trygge vaksne. Me vil difor at du:
- vil bidra aktivt til eit godt arbeidsmiljø
- er fleksibel og endringsvillig
- er positiv og lærevillig
- er leiken og oppteken av å skape aktivitet og meistring
Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Me tilbyr
- ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
- eit utviklingsorientert arbeidsmiljø
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- løn etter tariff
- tilbod om minimum 6 års tilleggsansiennitet for fagarbeidarar
- gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen (førebels til og med 2025)
- gratis inngang til symjehallen (førebels til og med 2025)
- å formidle kontakt med utleigar av ledige husvære
- eventuell informasjon om ledige stillingar til partnar, samt moglegheit for utlån av kontorfasilitetar (kontorhub)
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Video: https://youtu.be/aFXLAnqaUbIKrav til språk
Du må kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Løns- og tilsetjingsvilkår
- tilsetting, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
- krav om politiattest etter barnehagelova av nyare dato
Generell informasjon
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.
Kontaktpersoner for stillingen
Elisabeth Øynebråten Bekkedal
styrar Aurland barnehage
+4797503287
Om bedriften
Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1 870 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, kulturskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.
På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ead28008-c997-4e47-9c45-4ac1a404cc2c
- Sist endret
4. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10272409
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Aurland kommune
Sted
Aurland
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Rabben barnehage
Sted
Odda
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Skare barnehage
Sted
Skare