Hopp til innhold

Miljørettleiar/miljøarbeidar

Arbeidsgiver

Osterøy kommune

Sted

Solbjørgdalen 13, 5282 Lonevåg

Om jobben

Stillingstittel
Miljøterapaut- miljøarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 3. september

Om stillinga

Lonevåg er ein 1.- 7. skule med om lag 230 elevar og 30 tilsette. Osterøyskulen sin visjon er "lærelyst for meistring i framtida".Trygt og godt skulemiljø, elevmedverknad og lesing er satsingsområda til skulane på Osterøy. 

Som miljørettleiar/miljøarbeidar er den viktigaste oppgåva å skape eit trygt, inkluderande og utviklande læringsmiljø for elevane våre. 

Lonevåg skule skule har no ei ledig fast stilling som miljøretteleiar/miljøarbeidar. Stillinga er fordelt mellom arbeid ved SFO samt oppfølging av enkeltelevar, elevgruppar og klasser. Vi ser etter deg som ønskjer å ivareta og lage gode dagar og læringsmiljø for elevane våre.

Oppstart i stillinga 01.10.2026 eller avtale med leiar


Arbeidsoppgåver

Som miljøterapaut er du ein aktiv bidragsytar i å skapa eit trygt og godt skulemiljø. Du vil i tillegg ha eit særleg ansvar for tilrettelegging og å skape ein forutsigbar og meinigsfull kvardag for elevane våre.  Arbeidsdagen vil vere variert med oppgåver knytt mot enkeltelevar, klasser og skulemiljøet generelt. 

  • Bidra til å styrke laget rundt elevar, ha fokus på relasjonsbygging for å skape tryggleik 
  • Du skal fungere som eit bindeledd mellom det sosialfaglige og pedagogiske opplegget knytt til elevar
  • Ansvar for å tilretteleggje for ulike aktivitetar og følgje opp enkeltbarn og elevgrupper
  • Bidra med utarbeiding og oppføljing planar og rutinar som skapar ein god struktur i kvardagen
  • Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnere
  • Bidra til eit utviklande og positivt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Eit godt og positivt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer og varierte oppgåver på ein flott arbeidsplass
  • Ein skule i utvikling
  • Løn etter tariff
  • Relevante kurs og rettleiing

 


Kvalifikasjonskrav

Til stillinga er det eit ønskje om:  

* treårig høgskuleutdanning som vernepleie eller sosionom 

* helsefagarbeidar / barne-og ungdomsarbeidar med relevant erfaring kan kompenserer for krav om høgskule.

Stillinga krev stor grad av engasjement, fleksibilitet og sjølvstende.

Krav om politiattest jf. opplæringslova som ikkje er eldre enn 3 md ved tiltreding i stilling

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

 

 


Offentleg tenestepensjon

 I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! 

Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar! 

Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg! 


Kven er du?

Du er god på relasjonbygging

Du står stødig når barn treng innramming.

Du møter alle barn med respekt og varme, og er ein raus og trygg vaksen.

Du er positiv, set eleven i sentrum og er bevisst på å vere ein god kultur-og haldningsbærar

 

 

 

Fagleg engasjert og likar å jobbe systematisk

Har gode samarbeidsevner og ønskjer å samarbeide og dele kompetase med dyktige kollegaer 

 Aktiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø

Treff dette deg? Då er det kanskje nettopp deg vi håper å ønskje velkomen til skulen vår!

 


Kontaktperson for stillingen

Tove Merethe Balestrand

Rektor

+4792896328

tove.balestrand@osteroy.kommune.no

Om bedriften

Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.  

Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy. 

I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.  

Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.  

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ea9ad571-32d6-425c-a1b6-b4d94d581dc1

Sist endret

14. august 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10305835

Lignende annonser

Laster lignende annonser