Hopp til innhold

Vassenden heimeteneste søker etter sjukepleiarar

Arbeidsgiver

Sunnfjord kommune Vassenden heimeteneste

Sted

6847 Vassenden

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiarar
Type ansettelse
Fast, heltid 100% og deltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 15. mars

Vassenden heimeteneste i Sunnfjord kommune yter hjelp og rettleiing til eldre, sjuke eller personar med funksjonsnedsetting som bur heime. Som ein del av vårt team vil du ha moglegheit til å lære av andre dyktige sjukepleiarar og vere med å vidareutvikle tenesta vår. Dagane i tenesta er varierte, og det dukkar stadig opp situasjonar og utfordringar som må løysast. Du vil få ein unik breiddekompetanse, der du aktivt får nytta ferdigheitene og kunnskapen din. Søker du utfordringar og variasjon i arbeidskvardagen, er dette jobben for deg. Personalgruppa har fokus på eit godt fag- og arbeidsmiljø. 

Vi har ledig:

  • 100 % fast stilling som sjukepleiar
  • 50 % fast stilling som sjukepleiar

Stillinga inneheld ein variert arbeidskvardag med tredelt turnus og arbeid kvar 3. helg. Det vil også være moglegheit for langvakter og arbeid kvar 4.helg. 

Kvalifikasjonar:

  • norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • nasjonal norskprøve nivå 3/B1, bestått både munnleg og skriftleg
  • god IT-kunnskap
  • førarkort klasse B

Du må levere godkjent politiattest før start i stilling. 

Sjukepleiarstudentar vil bli vurdert til fast stilling, med atterhald om autorisasjon. Andre søkarar med helsefagleg utdanning kan bli vurdert for mellombels tilsetting.

Vi søker etter deg som:

  • har interesse og engasjement for fagfeltet
  • har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • er løysningsorientert, endringsvillig og positiv
  • er strukturert, ansvarsbevisst og trygg på eigne avgjersler
  • er fleksibel og likar utfordringar
  • har evne til å tileigne deg ny kunnskap og bidra til tenesteutvikling
  • bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø

Kva tilbyr vi?

  • engasjerte kollegaer og leiarar og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • pasientnært og fagleg fokus
  • faglege utfordringar
  • eit drivande godt arbeidsmiljø og ein arbeidsplass du kan vere stolt av
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
  • rekrutterings- og stabilisering tillegg på kr. 5000

Personleg eignaheit vil bli vektlagt ved tilsetting

Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Einingsleiar Irene Svarstad

+47 911 30 455 +47 57 72 64 72

irene.olaug.svarstad@sunnfjord.kommune.no

Om bedriften

Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ea8ee650-ba55-4426-84b4-629aab63ce9c

Sist endret

26. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3600095_191731_nn

Lignende annonser