Hopp til innhold

Pedagogisk leiar

Arbeidsgiver

Klepp kommune, Engelsvoll barnehage

Sted

Kvednadalen 2, 4353 Klepp Stasjon

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Pedagogisk leiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Er du barnehagelærar og har lyst til å vere ein del av eit godt team i Engelsvoll barnehage?

Engelsvoll barnehage har ledig 100% fast stilling som pedagogisk leiar frå 01.02.2026, eller oppstart etter avtale. 

Engelsvoll barnehage er ein 5–avdelings kommunal barnehage som ligg på Engelsvoll/Klepp stasjon i Klepp kommune. Me er ein Marte Meo sertifisert barnehage som legg stor vekt på det gode møtet mellom barna og omsorgspersonen. Barnehagen har ein utdanna Marte Meo kollegaveileder, og det er eit mål at alle ansatte skal ha kompetanse på Marte Meo. Marte Meo er ein utviklingstøttande pedagogikk som vert brukt i veiledning av personale for å auke relasjonskompetansen og kvaliteten på samspel med barna. 

Me er opptatt av å skapa eit trygt og godt inkluderande miljø for barn, foreldre og ansatte, og har vært med i pulje 4 Udir sitt utviklingsarbeid “Trygt og inkluderande barnehagemiljø.” 

Hos oss vektegg me å gje rom for leken og leikande læring i kvardagen, og å leggje til rette for at samspel og aktivitetar er tilpassa det enkelte barns behov. 

Me har eit godt fagleg miljø med fokus på å være ein lærande organisasjon. Pedagogisk leiar er ein del av av barnehagen sitt leiarteam, som er ansvarleg for barnehagen sin heilskap og skal delta aktivt i utviklinga av organisasjonen. 

Pedagogisk leiar har det fagleg-pedagogiske ansvaret for avdelinga han/ho er knytt til. Pedagogisk leiar skal bidra til at barnehagen samla driv som ei godt tilrettelagt pedagogisk verksemd, i tråd med barnehageloven sitt formål, og rammeplan for barnehagar. Pedagogisk leiar har ansvar, saman med styrar, for det psykososiale miljøet på avdelinga, og skal arbeida for at både barn, foreldre og medarbeidarar har ein god kvardag i barnehagen. 

Barnehagen ligg så nær Engelsvoll skule at to avdelingar er i kjellaren til skulen. Dette gjer at me har et tett og godt samarbeid med skulen ifht. overgang frå barnehage til skule. Barnehagen ligg nær Frøylandsvatnet med tilgang til flotte turområde, og det er kort veg til togstasjonen på Klepp stasjon. 


Arbeidsoppgåver

  • Leia og organisera det pedagogiske arbeidet ifht enkeltbarn og barnegruppa i tråd med barnehageloven sitt formål og rammeplan. 
  • Samarbeida godt med andre, dela kunnskap, erfaringar og informasjon. Støtta og utfordra andre for å nå teamet sitt mål. 
  • Kommunisera på ein klar, presis og strukturert måte. 
  • Vera ein autoritativ leiar. Skapa ei god atmosfære, støtta, utfordra og oppmuntra teamet. 
  • Ansvar for målsetting og resultat, og se en heilhetleg utvikling av det faglige miljøet i barnehagen 
  • Sensitivitet overfor enkeltbarn og barnegruppa. 
  • Samarbeide med PPT, barnevern, helsestasjon og andre instansar som er involvert i arbeidet med barna

Kvalifikasjonar

  • Godkjend barnehagelærarutdanning. For søkarar med relevant utdanning frå andre land enn Norge kreves det godkjenning for utdanningen fra utdanningsdirektoratet (NOKUT) 
  • Søkarar må tilfredstilla krav som kjem fram i barnehagelova kapittel IV -personal. 
  • Godkjend politiattest må foreliggje før tiltredelse 
  • Dersom du har eit anna morsmål enn norsk, må du kunna dokumentera at du har språknivå tilsvarande B1. Dette gjeld ikkje søkjarar med skandinavisk språk som morsmål (jmf. Barnehagelpven § 18 a) 

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons – og samarbeidsevner. 
  • Løysningsfokusert og raus. 
  • Evne til refleksjon og nytenking. 
  • Evne til å jobbe strukturert og systematisk. 
  • Fagleg sterk og opptatt av barnas beste. 
  • Fleksibel ifht arbeidsdager og arbeidstider. 
  • Personleg egnethet vil verte vektlagt

Vi tilbyr

  • Eigen lønsstige for pedagogisk leiar med relevant vidareutdanning 60 studiepoeng.
  • Eit godt arbeidsmiljø med eit godt fagleg miljø.
  • Klesgodtgjerelse.
  • Tilbud om Marte Meo-utdanning. (Praktiker - kollegaveileder)
  • Løn etter gjeldende avtaleverk og pensjnsordninger i KLP
  • Klepp kommune har diverse velferdsordninger og gode pensjons- og forsikringsordninger.  
  • Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som fremgår av utlysing, og dei til ein kvar tid gjeldende lover, reglement og tariffavtaler.  
  • Lønn i henhold til lokal lønnspolitikk.
  • Før oppstart må det leggjast fram tilfredstillande tuberkulin-status i tråd med forskrift om tuberkulosekontroll, samt politiattest i tråd med barnehagelova §30

Kontaktinformasjon

Inger Ølberg Lode, Styrar, +47 91563046

Arbeidsstad

Kvednadalen 2
4353 Klepp Stasjon

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 5046575106
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.12.2025

Om bedriften

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800  tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.

Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

Visjonen vår er «Med blikk for alle».  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.

Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ea4e0af9-dea4-4417-9908-908a12e11705

Sist endret

1. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

200f0acfa27b439f8aed42f6774e3cba

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Kvalebergbarnehagene (5), Stavanger kommune

Sted

Stavanger