Rådgjevar - privatarkiv
KFO - Ikkje offentleg arkiv, Vestland fylkeskommune
Askedalen 2, 6863 Leikanger
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgjevar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. november
Vi har frå 05.01.2026 ledig fast 100% stilling som arkivar.
Som vår nye medarbeidar vil du få varierte oppgåver innafor eininga sitt ansvarsområde, og bli del av eit stort og kunnskapsrikt arkivfagleg miljø på Leikanger.
Vestland fylkeskommune vernar og formidlar privatarkiv og kulturhistorisk dokumentasjon frå Vestland, samstundes som vi som regional aktør arbeidar for å utvikle og samordne privatarkivarbeidet i Vestland. Vi samarbeider tett med frivillig sektor, kommunar og museum i bevaringsarbeidet, og legg stor vekt på å utvikle gode digitale tenester til innbyggjarane.
Fylkeskommune er vertskap for oppgåvefellesskapet Kommunearkivordninga i Vestland (KAV), og du vil bli del av ein arkivseksjon med til saman over 20 tilsette som arbeidar for å bevare og formidle ein samla samfunnsdokumentasjon frå Vestland. Vi kan by på brei fagkompetanse og eit godt arbeidsmiljø.
Arbeidsstad for denne stillinga er Leikanger i Sogn, ei lita bygd mellom fjord og fjell i Sogndal kommune. Kommunen er vertskap for mellom anna Digitaliseringsdirektoratet, Høgskulen i Vestland, fleire teknologiverksemder på Campus, Vestlandsforsking og Sogndal fotball. I tillegg til dette har vi eit svært aktivt ski- og friluftsmiljø, samt fleire museum og kulturscener. Her kan du både få eit givande arbeidsliv og ei innhaldsrik fritid.
Arbeidsoppgåver
- Arkivfagleg rådgiving til ABM-institusjonar, kommunar og frivillige lag og organisasjonar som arbeider med bevaring av privatarkiv i Vestland
- Politisk saksførebuing
- Ta del i arbeidet med å realisere Temaplan for privatarkiv i Vestland 2025-2029, og utøving av Vestland fylkeskommune si rolle som regionalt koordinerande organ for privatarkiv
- Initiere og følgje opp samarbeid med frivillig sektor, så vel som anna offentleg – privat samarbeid kring bevaring av arkiv og dokumentasjon frå privat sektor
- Delta i formidlings-, utviklings- og bevaringsprosjekt i fylkeskommunen
- Publikumsførespurnader
- Synfaring, innhenting, ordning og katalogisering av arkiv
- Mediekonvertering av kjeldemateriale
- Formidling
- Ta del i pågåande prosessar med å flytte inn i og overføre arkiv til vårt nybygde magasinlokale på Leikanger.
Du må rekne med noko reiseverksemd i utføring av stillinga
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- Mastergrad innan relevante fag som arkiv, historie, samfunnsvitskap, kulturvitskap, informasjonsvitskap med fleire.
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne på begge målformer
- God digital kompetanse
- Førarkort for personbil
Det er også ønskjeleg om du har:
- Tidlegare arbeidserfaring frå og kunnskap om arkivsektoren
- Erfaring med programvare og nasjonale fellesløysingar for arkiv, som Asta, Arkivportalen og Digitalarkivet
- Erfaring med prosjektarbeid
- Erfaring med offentleg sakshandsaming
- Kompetanse innan vern av digitalt skapte privatarkiv
Personlege eigenskapar
- Sans for systematikk og gode analytiske evner
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- Løn etter avtale
- Fleksibel arbeidstid
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Arbeidsstad Leikanger i attraktive nyrenoverte kontorlokale og nytt arkivbygg.
Kontaktinformasjon
Elin Storøstevik, leiar , 97653607Arbeidsstad
Askedalen 26863 Leikanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5032274973
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Elin Storøstevik
leiar
97653607
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ea4aee41-9c89-4965-a12a-d3eac861227f
- Sist endret
22. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ed08be76b1c74f6fb6a77e82a7cf4613
Lignende annonser
Juridisk rådgjevar - vikariat
Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Sted
Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal, Stord
Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Sted
Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal, Stord
Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Sted
Bergen, Haugesund, Stord, Sogndal, Førde