Brenn du for leiing og fagutvikling i helse- og omsorgstenestene?
Bømlo bu- og helsesenter
Leirdalen 25, 5430 Bremnes
Om jobben
- Stillingstittel
- Avdelingsleiar
- Oppstart
- 1. mars 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 1. januar
Me søkjer ein engasjert og utviklingsorientert avdelingsleiar til Post 1 Nord ved Bømlo bu- og helsesenter.
Du får ansvar for dagleg drift, fagutvikling og personalleiing i eit framtidsretta miljø – og ei sentral rolle i TØRN, eit nasjonalt prosjekt med fokus på berekraftige og attraktive arbeidsplassar i helse- og omsorgstenestene. Post 1 Nord har vore med i prosjektet dei siste to åra og er godt i gong med implementeringa. Målet for 2026 er å vidareutvikle langvakter, servicevertar og fagutvikling – ein spennande prosess du blir med på.
Som avdelingsleiar blir du med i eit engasjert leiarteam som samarbeider for å utvikle og styrkje sjukeheimstilbodet. Du får påverke retninga og utvikle deg som leiar.
Om avdelinga:
Post 1 Nord er ei stor langtidsavdeling med om lag 50 tilsette og 34 pasientrom fordelt på tre etasjar. Kvar etasje fungerer som ei
gruppe, og vårt mål er å skape tryggleik og trivnad i eit positivt miljø for
både bebuarar og tilsette. Me har god fagdekning, eit godt arbeidsmiljø og
varierte arbeidsoppgåver.
Arbeidsoppgåver
- Sikre oppfølging og implementering av kommunen sine planar, retningslinjer og arbeidsgjevarpolitikk.
- Ha det daglege og overordna ansvaret for drift og leiing.
- Utøve personalansvar og økonomistyring innanfor gitte rammer.
- Utvikle og koordinere det faglege tilbodet i avdelinga.
- Planleggje og følgje opp turnus.
- Delta aktivt i leiargruppa ved BBH.
- Bidra til rekruttering og arbeide for ein heiltidskultur.
Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i ansvarsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonskrav
- Bachelor i sjukepleie eller vernepleie.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
Relevant erfaring kan vege opp for formell utdanning.
Det er ønskjeleg at du har:
- Relevant vidareutdanning og leiarerfaring.
- Erfaring med endringsprosessar.
- God digital kompetanse, inkludert erfaring med bruk av relevante digitale verktøy og system.
- Kjennskap til offentleg forvaltning og gjeldande lovverk.
Personlege eigenskapar
- Rausheit og engasjement i møte med bebuarar og tilsette.
- God arbeidskapasitet og evne til å handtere ansvar.
- Openheit for fleksible løysingar og endringsvilje.
- Trygg og tydeleg leiing, der medarbeidarane får ansvar og tillit under trygge rammer.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og bidrag til fellesskap og inkluderande arbeidsmiljø.
I vurderinga av søkjarane legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt motivasjon for stillinga.
Me tilbyr
- Moglegheit til å vere med og forme ei teneste i utvikling.
- Engasjerte tilsette i eit sterkt fagmiljø.
- Leiarutviklingsprogram.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
- Fleksibel arbeidstid.
- Løn etter avtale.
- Tilbod om medlemskap i velferdsklubb som gjev tilsettegoder.
Andre opplysingar
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
- Ved ledig leiarstilling i tenesta kan søkjarane til denne stillinga bli aktuelle.
Synest du stillinga verkar spennande og passar med dine kvalifikasjonar? Då vil me gjerne høyre frå deg! Send søknaden elektronisk via Webcruiter.no og legg ved CV, vitnemål og attestar som dokumenterer erfaringa di. Ved behov må du kunne levere bekrefta kopiar.
Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med verksemdleiar Monica Smedsrud.
Kontaktinformasjon
Monica Smedsrud, Verksemdleiar, +47 404 85 607, monica.smedsrud@bomlo.kommune.noArbeidsstad
Leirdalen 255430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 5047419810
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.03.2026
Søknadsfrist: 01.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Berekraftige Bømlo!
Me i Bømlo kommune er stolte av å bu og jobba på ein plass der natur, næringsliv og kultur går hand i hand. Kommunen vår har om lag 12 500 innbyggjarar, og ligg midt mellom Stavanger og Bergen – i hjarta av Sunnhordland. Her finn du eit aktivt næringsliv med vekt på grøn teknologi, eit rikt kulturliv og eit mangfald av lag og organisasjonar. Alt dette gjer Bømlo til ein levande og attraktiv stad å bu, leva og arbeida.
Kven er me?
Bømlo kommune har om lag 800 årsverk. Me er utviklingsorienterte og jobbar saman for å skapa ei berekraftig samfunnsutvikling. Me legg vekt på samarbeid, innovasjon og det grøne skiftet.
Våre tilsette er den viktigaste ressursen me har – og me ser etter folk som er rause, modige og engasjerte.
Kva får du hos oss?
Trygg pensjonsordning: Som tilsett får du ein av dei sikraste pensjonsordningane i landet – offentleg tenestepensjon. Den varer heile livet, ikkje berre i 10 år slik som mange private ordningar. I tillegg får du uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje.
Gode medlemsfordelar: Med pensjonsrett hos oss får du medlemspris og gunstige vilkår på bank, forsikring og spareprodukt.
Forsikringsordningar: Me tilbyr gode forsikringsordningar som omfattar yrkesskade, ulykke og fritid – slik at du kan kjenna deg trygg både på jobb og heime.
Hos oss får du ikkje berre ein jobb – du får høve til å vera med og forma framtida til Bømlo.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e9f2996d-aae2-446c-ba92-cd6ab2513fe9
- Sist endret
12. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
68cb3acbc35a4504a8d2287287797acb
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Allmennpoliklinikk Stord DPS/BUP
Sted
Stord
HR-rådgjevar
Arbeidsgiver
Bømlo kommune
Sted
Bremnes
Fysioterapeut; Ergoterapeut
Arbeidsgiver
Bømlo kommune
Sted
Bremnes