Vil du vere med å gjere kvardagen meiningsfull for våre bebuarar?
Teiglandshagen bufellesskap
Teigland 1, 5440 Mosterhamn
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar/vernepleiar
- Oppstart
- 1. februar 2026
- Type ansettelse
- Fast, deltid 60%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 1. januar
Ønskjer du ei variert og spanande stilling innan demensomsorg og er glad i turar, song og musikk? Då kan du vere personen me ser etter!
Teiglandshagen bufellesskap på Mosterhamn har to faste stillingar ledig som sjukepleiar/vernepleiar på henholdsvis 50 % og 60 % stilling. Me ser etter deg som er fagleg engasjert, og som ønskjer å bidra til god sjukepleie og behandling av våre bebuarar.
Om avdelinga:
Teiglandshagen bufellesskap er for pasientar med demenssjukdom, og har to avdelingar med 8 pasientar på kvar. Me har god fagdekning, eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver. Vårt mål er å gi god individretta pleie og behandling tilpassa den enkelte pasient, der det blir lagt stor vekt på aktivisering og målretta miljøarbeid.
Arbeidsoppgåver
- Utføre heilskapleg pleie, omsorg og medisinsk lindrande behandling.
- Gjennomføre sjukepleiefaglege prosedyrar i tråd med gjeldande rutinar og fagleg standard.
- Delta i ansvarsvakter og bidra til kontinuitet og kvalitet i tenestetilbodet.
- Vera primærkontakt for utvalde pasientar, med ansvar for oppfølging og koordinering av tenester.
- Dokumentere helsehjelp og observasjonar i elektronisk journalsystem.
- Samarbeide tverrfagleg med tilsynslege, fysioterapeut, ergoterapeut, sjukehus, pårørande og andre relevante aktørar.
- Følgje opp pasient og pårørande med fokus på tryggleik, informasjon og støtte.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Bachelorgrad i sjukepleie eller vernepleie. Studentar på tredje året er også velkomne til å søkje.
- Meistrar norsk godt både munnleg og skriftleg. Må minimum ha bestått norskprøve på B2-nivå.
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter helse og omsorgstenestelova § 5.4.
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
- Jobbar sjølvstendig og bidreg til godt samarbeid.
- Har ein positiv og trygg framtoning som skapar godt miljø.
- Prioriterer oppgåver og set i verk tiltak på ein strukturert måte.
- Kommuniserer tydeleg og finn løysingar, også i krevjande situasjonar.
- Viser lojalitet, er tilpassingsdyktig ved endringar og reflekterer over etiske spørsmål.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Me tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
- Som tilsett får du tilbod om medlemskap i velferdsklubb som gjev tilsettegoder.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synest du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar som stadfestar tidlegare arbeidsforhold. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiar Ann Heidi Mathisen.
Kontaktinformasjon
Ann Heidi Mathisen, Avdelingsleiar, 457 20 536, ann.heidi.mathisen@bomlo.kommune.noMonica Smedsrud, Verksemdleiar, 40485607, monica.smedsrud@bomlo.kommune.no
Arbeidsstad
Teigland 15440 Mosterhamn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 5053382465
Stillingsprosent: 60%
Fast
Startdato: 01.02.2026
Søknadsfrist: 01.01.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
66ac86ce-3557-40bf-9450-7a3d475170c1
- Sist endret
19. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
808e6463bef64278b19e341f1ffe3d94
Lignende annonser
Nattevakt
Arbeidsgiver
Teiglandshagen bufellesskap
Sted
Mosterhamn
Arbeidsgiver
Teiglandshagen bufellesskap
Sted
Mosterhamn
Arbeidsgiver
Bømlo bu- og helsesenter
Sted
Bremnes