Klar for ein meiningsfull jobb? Bli miljøterapeut i medlevarturnus!
Habiliteringstenesta
Kyrkjevegen 1, 5430 Bremnes
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøterapeut
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 11. januar
Er du vernepleiar med engasjement for å gjera ein forskjell i kvardagen til andre – og har erfaring innan habilitering? Då kan du vere den me leitar etter!
Me søkjer ein fagleg engasjert miljøterapeut til 100 % stilling, fortida i medlevarturnus ved Askebærhaugen/Haugen.
Turnus:
2 døgn på, 7 døgn fri
2 døgn på, 7 døgn fri
3 døgn på, 7 døgn fri
Arbeid kvar 4. helg
Om tenesta:
Habiliteringstenesta i Bømlo kommune gir tilbod til personar med utviklingshemming og omfattande behov. Me har ca. 126 årsverk fordelt på 10 bufellesskap og dagtilbod. Hos oss blir du del av eit engasjert team som jobbar for å skape gode liv for tenestemottakarar gjennom tryggleik, omsorg og fagleg kvalitet.
Høyrest dette ut som jobben for deg? Søk via Webcruiter og legg ved relevante vedlegg – me gler oss til å bli kjent med deg! Oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for kartlegging, tiltaksplanar, vedtak og dokumentasjon i Profil, samt medikamenthandtering.
- Oppfølging og rettleiing i tråd med gjeldande lovverk (Helse- og omsorgstenestelova kap. 9 og Pasient- og brukarrettighetslova kap. 4).
- Rettleiing av miljøarbeidarar og deltaking i planlegging og gjennomføring av fagmøter.
- Praktisk bistand og rettleiing i daglege gjeremål, og tilrettelegging for god omsorg og utvikling for tenestemottakarane.
- Samarbeid internt i tenesta, med ulike instansar, verje og pårørande, samt utføring av delegerte oppgåver frå avdelingsleiar.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Autorisert vernepleiar.
- Gode norsk kunnskapar, både skriftleg og munnleg.
- Førarkort klasse B.
Det er ønskeleg at du har:
- Erfaring frå arbeid med mennesker med ulike funksjonsvariasjonar.
- Arbeidserfaring med systematisk og målretta miljøarbeid, samt habilitering.
- Kunnskap om Helse- og omsorgstenestelova kap. 9, samt Pasient- og brukerrettighetslova kap. 4.
- Erfaring og kompetanse i handtering av digitale system som t.d. Visma ressursstyring og Profil.
- God fysisk form.
Personlege eigenskapar
- Imøtekommande og venleg, med evne til å skape gode relasjonar.
- Sjølvstendig, men samarbeider godt og medverkar til eit positivt arbeidsmiljø
- Løysingsorientert og uredd når krevjande situasjonar oppstår.
- Likar ein variert og aktiv arbeidskvardag med høg aktivitet og nye oppgåver.
Ved vurdering av søkjarar legg me vekt på utdanning, erfaring, personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga.
Me tilbyr
- Varierte og spanande arbeidsoppgåver.
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiar Sandra Thorsheim.
Kontaktinformasjon
Sandra Hastrup Thorsheim, Avdelingsleiar , 45970897, thorsheim@bomlo.kommune.noArbeidsstad
Kyrkjevegen 15430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 5048762031
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d6393b9f-92a6-46d1-9e66-6ba11f693db7
- Sist endret
16. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
234f6f5d1b9e4f719cccb4825a41776c
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Habiliteringstenesta
Sted
Bremnes
Fysioterapeut; Ergoterapeut
Arbeidsgiver
Bømlo kommune
Sted
Bremnes
Vikar for lærarar og miljøarbeidarar i Bømlo skulen
Arbeidsgiver
Bømlo kommune
Sted
Bremnes