Hopp til innhold

Vil du gjere ein skilnad i kvardagen til andre? Søk som miljøterapeut!

Arbeidsgiver

Habiliteringstenesta

Sted

Kyrkjevegen 1, 5430 Bremnes

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Miljøterapeut
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Er du vernepleiar eller sjukepleiar med eit brennande engasjement for å skape meistring og livsglede for andre? Har du erfaring frå habilitering og ønskjer å vere med på å utvikle eit inkluderande tilbod? Då vil me gjerne ha deg med på laget vårt! Stillinga inneber turnus med arbeid kvar tredje helg og oppstart så snart som mogleg.

Om tenesta vår:
Habiliteringstenesta i Bømlo kommune gir tilbod til personar med utviklingshemming og behov for omfattande og langvarige tenester. Me er om lag 126 årsverk som yter heildøgns tenester til 45 personar i 10 bufellesskap og burettslag, i tillegg til dagtilbod. No søkjer me etter to positive og fleksible miljøterapeutar som vil vere med og gjere ein forskjell!


Arbeidsoppgåver

  • Praktisk bistand og rettleiing i daglege gjeremål, med fokus på omsorg og utvikling for kvar enkelt tenestemottakar.
  • Ansvar for kartlegging, tiltaksplanar, vedtak, journalføring og dokumentasjon.
  • Medikamenthandtering.
  • Oppfølging og rettleiing etter Helse- og omsorgstenestelova kap. 9 og Pasient- og brukerrettighetslova kap. 4.
  • Samarbeid med avdelingsleiar om dagleg drift, utvikling av tenesta og utføring av delegerte arbeidsoppgåver.
  • Tverrfagleg samarbeid internt og eksternt, inkludert pårørande og verje.
  • Delegerte arbeidsoppgåver frå avdelingsleiar.

Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.

Kvalifikasjonskrav

  • Autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar. Søkjarar med anna helse-, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på bachelornivå kan bli vurdert. 
  • Svært gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Norskferdigheiter tilsvarande nivå B2 i samsvar med nasjonal norskprøve for universitet- og høgskuleutdanna.
  • Førarkort klasse B.

Det er krav om gyldig politiattest for teneste hjå personar med utviklingshemming jfr. Helse og omsorgstenestelova §5-4 a.

Det er ønskeleg at du har:

  • Erfaring frå systematisk og målretta miljøarbeid, samt habilitering.
  • Arbeidserfaring med mennesker med ulike funksjonsvariasjonar. 
  • Kunnskap om Helse- og omsorgstenestelova kap. 9, samt Pasient- og brukerrettighetslova kap. 4.
  • Kompetanse og erfaring med digitale system (t.d. Profil, Visma).

Personlege eigenskapar

  • Imøtekomande, omgjengeleg og serviceinnstilt.
  • Sjølvstendig, men trivst med å jobbe i team.
  • Uredd og trygg i krevjande situasjonar.
  • Handterer dagar med mykje aktivitet og trivst med variasjon.
  • Løysingsorientert og bidrar til eit godt arbeidsmiljø.

I vurderinga av søkjarar legg me vekt på utdanning, erfaring, personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga.

Me tilbyr

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune.
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
  • Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.

Andre opplysningar:

  • Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn. For denne stillinga oppmodar me spesielt menn til å søkja.
  • Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.

Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.

Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiarar.

 

Kontaktinformasjon

Tone Linn Hovland Meling, Avdelingleiar , 482 85 897
Line H. Stavland, Avdelingleiar , 482 76 521
Karina Torkelsen Solli, Avdelingsleiar, 913 10 537

Arbeidsstad

Kyrkjevegen 1
5430 Bremnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bømlo kommune

Referansenr.: 5047639332
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.01.2026

Om bedriften

Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.

Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.

Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.

Forsikring
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

32107e51-52f8-4055-8c31-070809bb8eef

Sist endret

1. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

d4fc3f43973c4fabadb15370f3ffdc97

Lignende annonser

Laster lignende annonser