Vil du bli vår nattevakt-helt?
Teiglandshagen bufellesskap
Teigland 1, 5440 Mosterhamn
Om jobben
- Stillingstittel
- Nattevakt
- Oppstart
- 1. januar 2026
- Type ansettelse
- Fast, deltid 75%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 1. januar
Ønskjer du ei variert og spennande stilling på natt? Då kan du vere personen me ser etter!
Teiglandshagen bufellesskap på Moster har ledig 75% fast stilling på natt for sjukepleiar. Me søkjer etter deg som er fagleg engasjert, og som ønskjer å bidra til god sjukepleie og behandling av våre bebuarar.
Om avdelinga:
Teiglandshagen er for pasientar med demenssjukdom, og har to avdelingar med 8 pasientar på kvar. Me har god fagdekning, eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver. I eit team på to vil de saman på natt yte tenester til bebuarane inne på institusjonen.
Arbeidsoppgåver
- Utføre heilskapleg pleie og omsorg, inkludert medisinsk lindrande behandling.
- Gi individuelt tilpassa pleie og behandling med fokus på pasienten sine behov.
- Utføre sjukepleiefaglege prosedyrar i samsvar med gjeldande rutinar og faglege standardar.
- Dokumentere helsehjelp og observasjonar i elektronisk journalsystem.
- Bidra til kontinuitet og kvalitet i tenestetilbodet.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonskrav
- Autorisert sjukepleiar, eventuelt vernepleiar.
- Førarkort klasse B.
- Må beherske norsk både munnleg og skriftleg, og minimum ha bestått norskprøve på B2-nivå.
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
- Bidreg til eit positivt og trygt miljø for både bebuarar og kollegaer.
- Arbeider sjølvstendig, tek ansvar og samarbeider godt i team.
- Er fleksibel, beheld oversikta og finn gode løysingar sjølv når natta ikkje går som planlagt.
- Kommuniserer tydeleg og viser respekt i møte med ulike menneske.
- Reflekterer over etiske spørsmål knytt til tenesteområdet og eigen praksis.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Me tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune.
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentleg søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiar Ann Heidi Mathisen.
Kontaktinformasjon
Ann Heidi Mathisen, Avdelingsleiar, 457 20 536, ann.heidi.mathisen@bomlo.kommune.noMonica Smedsrud, Verksemdleiar, 404 85 607, monica.smedsrud@bomlo.kommune.no
Arbeidsstad
Teigland 15440 Mosterhamn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 5053360031
Stillingsprosent: 75%
Fast
Startdato: 01.01.2026
Søknadsfrist: 01.01.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
25827a48-cc51-41f7-b012-f3a61c8f6e63
- Sist endret
19. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e25c809ab01543a7865b62bfb90784b5
Lignende annonser
Sjukepleiar/vernepleiar
Arbeidsgiver
Teiglandshagen bufellesskap
Sted
Mosterhamn
Sjukepleiar
Arbeidsgiver
Psykosepost Valen sjukehus
Sted
Valen
Arbeidsgiver
Næromsorg As
Sted
Stord