Ledig vikariat som innhaldsrådgivar
Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
Fortunen 1, 5013 Bergen, Karl Johans gate 7, 0154 Oslo
Om jobben
- Stillingstittel
- Ledig vikariat som innhaldsrådgivar
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest onsdag 22. april
Om stillingen og kommunikasjonsstaben
Vi søkjer ein ny kollega til eit vikariat som seniorrådgivar i stab for kommunikasjon i HK-dir, med oppstart i august 2026
Vikariatet varar i eitt år, med høve til forlenging. Stab for kommunikasjon har arbeidsstad i Bergen og Oslo, men alle kontorstadene våre kan vere aktuelle for denne stillinga.
Hos oss får du jobbe med fleire nettstadar i eit godt og aktivt kommunikasjonsmiljø. Stab for kommunikasjon har 17 medarbeidarar og dekkjer heile breidda av kommunikasjonsfaget. Staben har eit overordna ansvar for ekstern og intern kommunikasjon og legg til rette for tydeleg, heilskapleg og samordna kommunikasjon frå HK-dir.
Staben forvaltar fleire nettstadar, arbeider med marknadsføring og arrangement, og gir kommunikasjonsfaglege råd og støtte til leiinga og organisasjonen. Ei anna viktig oppgåve er å formidle tal, statistikk, rapportar og analyse til brukarane våre.
Vi søkjer ein sjølvstendig innhaldsrådgivar som trivst med å lage godt nettinnhald og jobbar målretta for å skape gode brukaropplevingar. Du er ansvarsmedviten, nysgjerrig og serviceinnstilt, og forstår kva som skal til for å lukkast med tverrfagleg nettarbeid. Du likar å arbeide med variert innhald, frå brukarinnsikt til forvalting, design og lansering av tenester.
Arbeidsoppgåver
- Publisere og vedlikehalde HK-dir sine nettstader og digitale tjenester
- Oppfølging av brukarinnsikt gjennom testing, statistikk og tilbakemeldingar frå brukarar
- Arbeide med universell utforming og klarspråk
- Leie innhaldsprosjekt
- Arbeide med workshops og bidra til kompetanseheving innan nettarbeid
- Delta i digitaliseringsprosjekter
- Bidra til anna kommunikasjonsfagleg arbeid etter behov.
Kvalifikasjoner
Du må ha:
- Relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule på mastergradsnivå. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet.
- Minimum tre års erfaring frå tilsvarande arbeid.
- Erfaring med interaksjons- og designmetodikk, inkludert innsiktsarbeid og brukartesting.
- Erfaring med publiseringsløysningar.
- Særs gode norskkunnskapar, skriftleg og munntleg, samt kunnskap om klarspråk.
- Kunnskap om universell utforming
Det er i tillegg en fordel om du har;
- Erfaring med prosjektleiing
- Erfaring fra offentleg sektor
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Arbeide sjølvstendig
- God omstillingsevne
- Evner til å arbeide både operativt og strategisk
Hos oss får du
- uformelt og godt fag- og arbeidsmiljø
- høve til fagleg utvikling og kompetanseheving
- fleksibel arbeidstidsordning og høve til heimekontor delar av arbeidstiden
- høve til å trening i arbeidstida i inntil to timer i uken
- medlemskap i Statens pensjonskasse, med gode pensjons- og lånevilkår
Lønsvilkår
- lønsplassering etter kompetanse
- Seniorrådgiver med en årsløn mellom kr. 660 000 - 850 000
- to prosent trekk til lovfesta innskot i Statens pensjonskasse
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
I HK-dir trur vi at mangfald gir oss breiare perspektiv, og at medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar vil gjere oss i stand til å finne enda fleire gode løysningar på våre oppdrag. Vi oppmodar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Vi legg forholda til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en kan du verte positivt særbehandla dersom du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi inviterer minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å verte positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgjevarportalen. Avkryssing i Jobbnorge gir grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Offentleg søkjarliste
Vi gjør oppmerksom på at opplysninger om søkeren kan bli offentliggjort selv om søkeren selv ber om ikke å føres opp på søkerliste, jf. Offentligloven § 25. Søkere vil i så tilfelle bli informert om dette på forhånd.
Søknad og CV
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere søknad og utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål. Vi oppmodar deg om å gi tilgang til vitnemålsportalen.
Kontaktperson
Navn: Kristin Solheim
e-post: kristin.solheim@hkdir.no
telefon: 932 23 573
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Direktoratet for høgre utdanning og kompetanse (HK-dir) har eit samla, nasjonalt ansvar for forvaltingsoppgåver innan høgre utdanning, høgre yrkesfagleg utdanning og kompetansepolitikk. Vi er fagleg rådgjevar for Kunnskapsdepartementet, set i verk politikken og samordnar verkemidla. Direktoratet skal bidra til å utvikle kvaliteten i utdanning og opplæring, styrkje det internasjonale samarbeidet og bidra til digital omstilling av universitet og høgskolar.
Vi jobbar for å løfte kompetansen i befolkninga, gjere utdanning og opplæring av høg kvalitet tilgjengeleg for alle heile livet, og sikre arbeidslivet tilgang på kompetent arbeidskraft.
Vi har kontorer i Bergen, Oslo, Tromsø og Trondheim
Les mer om HK-dir her
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e942755c-e89c-4d3a-b89d-a15a0cbf0646
- Sist endret
7. april 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10290306