Prosjektsjef E39 Rogfast
Statens vegvesen
Rogfast anlegg, Mekjarvikveien 100, 4070 Randaberg
Om jobben
Stillingstittel
Prosjektsjef E39 Rogfast
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 3. november
Om stillinga
E39 Kryssing av Boknafjorden (Rogfast) omfattar bygging av veg mellom Arsvågen i Bokn kommune til Mekjarvik/Harestad i Randaberg kommune, begge i Rogaland fylke. Strekninga er på rundt 29 km der det aller meste går i fjell. Den undersjøiske kryssinga består av to tunnelar, samt eit undersjøisk kryss som gir vegsamband til Kvitsøy kommune i Boknafjorden.
Prosjektet er starta opp med pågåande entreprisar, både frå nord og sør, samt frå Kvitsøy. Rundt 1/3 av tunnellengda er i dag produsert. I tillegg høyrer og strekninga E39 Smiene-Harestad under denne stillinga. Det omfattar rundt 5 km veg i dagen og Harestadkrysset som overgang til Rogfast.
Prosjektet omfattar 4 geografiske område; to i sør med Smiene-Harestad og Mekjarvika, ein på Kvitsøy og ein i Arsvågen på nordsida. På tre av avsnitta er tunnelproduksjonen i gang, mens dagprosjektet Smiene – Harestad enno er i prosjekteringsfase.
Prosjektorganisasjonen består av engasjerte og dyktige fagpersonar som saman byggjer eit framtidsretta prosjektmiljø. No står vi i ein spennande fase der vi vidareutviklar struktur og arbeidsmetodikk – og der du kan vere med å setje retning for korleis vi jobbar framover. I løpet av 2025 vil vi ha komplett fagleg dekning på alle område, og dei neste nøkkelkompetansane vi skal styrkje er innan elektro, automasjon og bergarbeid.
Opning av prosjektet er planlagt til 2033. Anleggskontor er etablert, både på sørsida og nordsida av Boknafjorden, samt på Kvitsøy.
Arbeidsoppgåver
Du vil ha det overordna ansvaret for eit prosjekt med stor nasjonal og internasjonal interesse. Ved opning vil prosjektet bli verdens lengste og djupaste vegtunnel. Kontakt med media vil vere ein del av kvardagen, inkludert ulike befaringar på prosjektet.
Arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande med eit sterkt fagmiljø, både på prosjektet og i utbyggingsdivisjonen. Prosjektsjefen er direkte underlagt Prosjektdirektør i vest. Prosjektsjef har personalansvar for prosjektleiarar og stab, og du må ha evne til å leie dyktige fagfolk på ein tydeleg måte og syte for at dei utviklar seg. Du skal mellom anna leie arbeidet med sikring av grensesnitt, ressursutnytting og synergiar på tvers av alle kontraktsavsnitta.
Kontorstad vil vera på anleggkontoret på Mekjarvik.
Som leiar er det viktig at du:- kommuniserer og samhandlar godt, ser løysingar og kan vise handlekraft gjennom fagleg styrke og dialog
- engasjerer medarbeidarar og samarbeidspartnarar til å tenkje i framtidsscenario, og vurdere kva krav dette stiller til organisasjonen din i forhold til det som skal leverast til ei kvar tid
- er god til å samhandle internt og med eksterne organisasjonar og media, på ein positiv måte for prosjektet
- er resultatorientert og har fokus på å nå prosjektet sine målsetnader og svare ut dei utfordringar organisasjonen blir gitt
- innbyr til tillit overfor entreprenørar og samarbeidspartnarar, samt sørger for involvering av Statens vegvesen sin organisasjon
- kan byggje ein god organisasjon rundt deg saman med dine overordna og prosjektleiarar
Leiing i Statens vegvesen
Som leiar i Statens vegvesen forventes det at du følgjer leiarprinsippane våre – vårt felles kompass for godt leiarskap:
- Sett retning – eg ser framover, varetek heilskapen og viser veg.
- Ver til stades – eg lytter, tek vare på medarbeiderane og motiverer til innsats.
- Skap saman – eg er drivkraft for samarbeid og deling. Eg gjer det trygt å utforske nye moglegheiter.
Prinsippa byggjer på våre verdiar og gir retning for korleis vi leier, samhandlar og utviklar oss – både som enkeltleiarar og som organisasjon.
Kvifor skal du velje oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av eit landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling - både for deg sjølv og for oss.
Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- Fleksitid og avspasering – vi veit at balansen mellom arbeid og fritid er viktig, og vi tilbyr fleksible arbeidstider.
- God pensjonsordning og lån – trygg fremtid med gode pensjonsordningar og gunstige lån.
- Trening i arbeidstida – moglegheiter for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetar.
- Faglig påfyll – mange moglegheiter for kurs og vidareutdanning.
Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Kvalifikasjonskrav
- Relevant utdanning frå universitetet eller høgskule, minimum 3 år
- Relevant erfaring, inkludert leiar- og prosjekterfaring, frå større organisasjonar
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Førarkort klasse B
Vi vektlegg:
- at du har god fagleg tyngd frå gjennomføring av samferdsleprosjekt
- at du er godt kjent med rolla som byggherre og kan handtere ulike samarbeidspartar på ein god måte
- god kunnskap om regelverk innan relevante fagfelt og er godt kjent med handtering av entreprisar og formelt regelverk knytta til dette
- at du er sjølvstendig, initiativrik og jobbar strukturert
- at du har evne til å skape engasjement rundt deg og tenkje overordna
Som tilsett i Statens vegvesen er det viktig at du er sikkerhetsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.
Stillinga føreset godkjend sikkerheitsklarering eller at slik kan gjevast.
Dersom du har tatt heile eller delar av utdanninga di i utlandet, anbefaler vi ein autorisert omsetjing av dine dokument og godkjenning frå HKDIR (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Om søknadsprosessen
Krav til søknadenVi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.
Testar og bakgrunnssjekkFor å sikre at vi finn den beste kandidaten, kan vi bruke arbeidspsykologiske testar som ein del av rekrutteringsprosessen vår. Desse testane gir oss innsikt i eigenskapane og ferdigheitene dine, og hjelper oss med å gjere ei rettferdig og objektiv vurdering, slik at vi finner den best kvalifiserte kandidaten. Vi gjennomfører også bakgrunnssjekk for å verifisere informasjon som er viktig for rekrutteringsprosessen.
Positiv særbehandlingVi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.
Søkjarlista er offentlegDersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.
Kontaktperson for stillingen
Kjartan Hove
Prosjektdirektør
+4790110586
Om bedriften
Statens vegvesen er hjartet i Noregs vegsektor, og vi jobbar kvar dag for å sikre eit effektivt, trygt og heilskapleg transportsystem. Som den største aktøren innan vegtransport i Noreg, har vi ansvaret for riks- og europavegane, samt tryggleiken til alle som ferdast langs vegen. Vårt oppdrag er å planleggje, byggje, drifte og vedlikehalde denne kritiske infrastrukturen.
Vi utviklar regelverk og standardar som gjeld for alle vegeigarar i Noreg, og gjennom vårt arbeid med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og digitale tenester, sørgjer vi for at både folk og næringsliv har tilgang til enkle, effektive, trygge og miljøvennlege transportmoglegheiter.
Statens vegvesen består av to forvaltningsnivå - eit direktorat og seks landsdekkande divisjonar, som saman jobbar for å gjere vegane våre betre for alle.
Utbyggingsdivisjonen i Statens vegvesen er Norges største landbaserte byggherre. Vi har ansvaret for å gjennomføre større utbyggingsprosjekter som Regjeringen tildeler Statens vegvesen. Dette innebærer å planlegge, prosjektere og bygge veiprosjekter med kostnad på over 200 millioner kroner, i tillegg til utbygging av vei og konstruksjoner i byvekstavtalene.
Vi jobber tett og målrettet med våre samarbeidspartnere for å redusere klimagassutslipp, og tar i bruk ny teknologi for å levere ny og sikrere vei på en bærekraftig måte.
Les mer om divisjon Utbygging her: Vil du bygge fremtidens veier med oss? | Statens vegvesen
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e88c7c5c-220c-4362-a5a9-247d7dcc20c0
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10267230
Lignende annonser
Byggingeniør innenfor konstruksjonsteknikk
Arbeidsgiver
Universitetet i Stavanger
Sted
Stavanger
Prosjektleder og anleggsleder
Arbeidsgiver
Totalbetong
Sted
Bryne
Maskinsjef i sambandet Arsvågen-Mortavika, pt. MF Bergensfjord
Arbeidsgiver
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Sted
Rennesøy, Bokn