ID 996 Ledige fagarbeidarstillingar på Rimbareid barne- og ungdomsskule
Rimbareid Barne- Og Ungdomsskule
Storhaugvegen 6, 5419 Fitjar, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagarbeider barn
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 35-99%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Søk på jobben
Søk senest fredag 25. april
Rimbareid barne- og ungdomsskule er ein 1.--10. skule med om lag 360 elevar. Skulen ligg flott til på Rimbareid i Fitjar kommune med utsikt over store delar av bygda, og står fram som attraktiv med nytt tilbygg, rehabilitert bygningsmasse og oppgradert uteområde.
Rimbareid skule skal vere ein inkluderande skule, der alle kjenner at dei høyrer til. Me strekk oss etter å stimulere elevane si nysgjerrigheit, lærelyst og meistringsglede gjennom tilrettelagt, utforskande og praktisk undervisning.
Frå 01.08.2025 er det ledige fagarbeidarstillingar ved Rimbareid barne- og ungdomsskule, både faste stillingar og årsvikariat. Me har behov for både heile stillingar og deltidsstillingar.
Nokre av stillingane er 89% -100%, med arbeidsforhold både i skulen og i SFO.
Nokre av stillingane er på om lag 35%- 40% med arbeidsforhold knytt til SFO etter skuletid (mellom kl. 13--16).
Me søkjer etter medarbeidarar som har:• Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar -- eventuelt anna relevant utdanning og erfaring.
• Godt humør og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
• Evne til å ta initiativ og arbeide målretta og sjølvstendig.
I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.
Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.
Me tilbyr:-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.
-
Interessante og utviklande arbeidsoppgåver i eit støttande, triveleg og profesjonelt arbeidsmiljø. Me har fokus på å vidareutvikla ein inkluderande skule.
Me ber om at du skriv i søknaden kva stillingsstorleik du ønskjer
Send inn oppdatert CVog referansar når du søkjer. Godkjente kopiar av vitnemål og attestar vert etterspurt i samband med innkalling til intervju.
Søkjarar må leggja fram politiattest før dei tek til i stillinga, jf. Opplæringslova §17-11
Har du spørsmål eller treng du fleire opplysningar, ta kontakt med:
Trude Mathiesen, rektor ved Rimbareid barne- og ungdomsskule -- tlf. 470 18 230
Kontaktperson for stillingen
Trude Mathiesen
Rektor
470 18 230
Om bedriften
Rimbareid barne- og ungdomsskule er ein 1.--10. skule med om lag 350 elevar. Han ligg flott til på Rimbareid med utsikt over store delar av bygda. Skulen framstår som attraktiv med nytt tilbygg, rehabilitert bygningsmasse og oppgradert uteområde. Visjonen for skulen er kunnskap og venskap hand i hand.
Fitjar kommune er liten i innbyggjartal, men stor på naturopplevingar og fellesskap. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjergard med idylliske vikar og eit mylder av øyar og skjer.
Gode butilhøve, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår. Kommunen har 3 200 innbyggjarar og ei positiv folketalsutvikling.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2917312
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
e7f6747f-be4a-44a3-a3ac-b10fab128f82