Hopp til innhold

Sjukepleiar, natt

Arbeidsgiver

Avdeling for eldremedisin, Helse Fonna HF

Sted

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar Natt
Oppstart
1. mai 2026
Type ansettelse
Vikariat, deltid 60%
Arbeidstid
Turnus, natt
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest fredag 27. mars

Er du utdanna sjukepleiar som brenn for at dei eldre skal få ein heilskapleg spesialisthelseteneste? Grip sjansen og søk på eit spennande vikariat på natt med arbeid kvar 3. helg!

Fagleg dyktige kollegaer som har fokus på tverfaglegheit, best mogleg behandling og omsorg for pasienten der heile mennesket står sentralt. Du blir hjå oss ein del av spesialisthelsetenesta. Me har fokus på å bygge kompetanse basert på erfaringar og fagleg utvikling. Hjå oss blir både pasienten og kollegaer sett og høyrd. Høyrast detta spennande ut ? Då er du hjarteleg velkomen som søkjar.

Geriatrisk sengepost har 8 heldøgnsplassar og er ei spesialeining der vi kartlegg og utgreier pasientar med samansett sjukdomsbilde. Vi tar imot pasientar for utgreiing av fallrisiko, svimmelhet, hukommelsesvanskar, akutt forvirring, akutt funksjonssvikt, infeksjonssjukdommar, polyfarmasi, ernæringsproblem, og andre generelle medisinske sjukdommar og tilstandar. Sengeposten dekker heile Helse Fonnas opptaksområde.
Eldremedisin Geriatrisk sengepost ligg i 5. etasje midtblokk saman med observasjonspost og gastro/nyre. Sengeposten inngår i avdeling for eldremedisin som består av 3 sengepostar og 2 poliklinikkar.
Me er i ein spennande endringsprosess, der me skal inn i eit heilt nytt lokale, med masse velferdsteknologiske løysingar. Avdelinga vil framleis liggja i 5. etasje med nydeleg utsikt over byen/havet. Eldremedisinsk sengepost geriatri og alderspsykiatrisk sengepost vil då flytta saman i ny felles sengepost for eldremedisin.

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleie til inneliggjande pasientar med behov for behandling og observasjon.
  • Koordinere og delta i tverrfagleg geriatrisk gjennomgang av akutt sjuke eldre
  • Bidra til gode pasientforløp

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Gjerne relevant sjukehuserfaring/klinisk erfaring
  • God norsk formidlingsevne både skriftleg og munnleg
  • Kompetanse og/eller interesse for eldremedisinske områder

Personlege eigenskapar vert vektlagt

Personlege eigenskapar

  • God på teamarbeid og på å skape eit godt lærings- og ytringsklima
  • Ansvarsbevisst, strukturert og evner å prioritere mellom oppgåver
  • Fleksibel og sjølgåande
  • Tar initiativ og engasjerer seg i arbeidet
  • Interesse for pasientgruppa

Vi tilbyr

  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv- bedrift (IA-bedrift)
  • Spennande arbeidsplass med eit aktivt fagmiljø og stort fagleg spenn av arbeidsoppgaver.
  • Forutsigbar årsplan med arbeid 16 helger i året.
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Kursdagar i turnus

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Doreen Halleland, Avdelingsleder, doreen.halleland@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5091819883
Stillingsprosent: 60%
Vikariat
Startdato: 01.05.2026
Sluttdato: 28.02.2027
Søknadsfrist: 27.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Doreen Halleland

Avdelingsleder

doreen.halleland@helse-fonna.no

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e7d2855f-ca05-4149-a604-01f4b5442d49

Sist endret

17. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

4aa349968cd94236bb488ca05e3f4346

Lignende annonser

Laster lignende annonser