Hopp til innhold

Stipendavtale sjukepleiestudent Pleie og omsorg Sveio kommune

Arbeidsgiver

Sveio kommune

Sted

Løkjarvegen 35, 5550 Sveio

Om jobben

Stillingstittel
Stipendavtale sykepleierstudenter Pleie og omsorg Sveio kommune
Type ansettelse
Fast, deltid
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 1. september

Om stillinga

Er du sjukepleiestudent og ønskjer å lære mykje i eit godt arbeidsmiljø, tilbyr vi to forskjellige studentavtalar.

Nr. 1: Stipendet er på 40.000 kr. for fast kvar 3. helg, 17 helger i løpet av eit år. Og 100% stilling i 5 veker om sommaren.

Nr 2: Stipendet er på 20.000 kr. for 10 helgevakter, må ikkje forvekslast med 10 heile helger. Dersom du jobbar 5 helger med 2 vakter, er forpliktinga til helgevakter fullført. Og 100% stilling i 5 veker om sommaren. (Helgevakter i sommarturnusen blir ikkje rekna inn i dei 10 helgevaktene).

Begge avtalane krev at du består studieåret for å få utbetalt stipendet.

I tillegg skriv vi arbeidsavtalar, med atterhald om bestått studie, med 3. års studentar.

Pleie og omsorg består av Sveio omsorgssenter og heimetenesta. Sveio omsorgssenter har tre avdelingar med til saman 41 plassar. Vestbakken: Lindrande, korttid, rullerande og rehabilitering. Utsikten: Somatisk avdeling og demensgruppe. Sørbakken: Demensavdeling. Ved alle avdelingane er det per dags dato langtidsplassar. Sjå gjerne vår Instagram-konto #SveioOmsorgssenter med bilete frå kvardagen hos oss.


Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiaroppgåver tilpassa din progresjon i sjukepleiarutdanninga
  • Stell og pleie av bebuarar
  • Sikre ein god kvardag for våre bebuarar
  • Dokumentere i forhold til lovverket og våre interne rutinar

Kvalifikasjonar

  • Sjukepleiarstudent
  • God munnleg og skriftleg norskkunnskap
  • Tilfredsstillande politiattest

Personlege eigenskapar

  • Lærevillig
  • Serviceinnstilt
  • Open for rettleiing
  • Ser viktigheita av samarbeid
  • Gode haldningar og verdiar, set bebuar i fokus

Me tilbyr

  • Faglege utfordringar og utvikling innan fagfeltet du studerer
  • God opplæring med minst 3 opplæringsvakter
  • Oppfølging av leiar
  • Gratis parkering 
  • Moglegheit for å lade elbil
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
  • Kantine

Kontaktpersoner for stillingen

Espen Skråmestø

Avdelingsleiar Administrasjon Pleie- og omsorg

+4799502629

espen.skramesto@sveio.kommune.no

Camilla Selbak

Einingsleiar Pleie- og omsorg

+4795154037

camilla.selbak@sveio.kommune.no

Om bedriften

Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.

Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.

Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e630ec0b-f90b-4b5c-bf87-040c94d871c7

Sist endret

16. juli 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10303893

Lignende annonser

Laster lignende annonser