Spesialsjukepleiar/psykiatrisk sjukepleiar til 100% fast stilling
Psykiatrisk klinikk/ Avdeling spiseforstyrringar H6, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Spesialsjukepleiar i 100% fast stilling
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 19. april
Avdeling spiseforstyrringar, seksjon døgn har 8 sengar og behandlar i snitt 24 pasientar pr år. Ved seksjon for spiseforstyrringar brukar vi kognitiv åtferdsterapi spesielt utvikla for behandling av spiseforstyrringar, i tillegg til annan form for psykoterapi tilpassa den enkelte pasient sin comorbiditet. Vi er eit av dei leiande fagmiljøa innan spiseforstyrringar i Noreg. Vi er ei regional avdeling og vi behandlar dei mest alvorlege sjuke i opptaksområde til Helse Vest. Vi har stort fokus på kompetanseutvikling, kvalitetssikring og utvikling av tilbodet vårt. Vi jobbar heilt konkret saman med pasientane våre slik at dei kan få til endringar systematisk for å bli frisk frå si spiseforstyrring. Vi jobbar tverrfagleg og teamet består av lege, psykolog, psykiater, sosionom, klinisk ernæringsfysiolog og sjukepleiar. Vi har eit engasjert personalet med stor takhøgde for faglege diskusjonar. Arbeid i 2 delt turnus og kvar 4 helg
Vi har ledig ein 100% fast stilling for spesialsjukepleiar frå juni 2026. Høyrest dette interessant ut oppfordrar vi deg til å søke!
Arbeidsoppgåver
- Planlegge, gjennomføre og evaluere dei sjukepleiefaglege tiltaka saman med pasient og behandlingsteam
- Du må ha interesse for, og gjerne erfaring frå arbeid med spiseforstyrringar og psykisk liding
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar med relevant vidareutdanning
- Relevant realkompetanse utover autorisasjon som sjukepleiar kan erstatte krav om vidareutdanning
- Relevant sjukehuserfaring
- Må meistre norsk både munnleg og skriftleg svært godt
- Det blir lagt vekt på gode samarbeidsevner og personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Evne til å etablere og vedlikehalde gode relasjonar
- Ivareta eigne oppgåver og ansvarsområde på ein sjølvstendig måte
Vi tilbyr
- Eit godt psykososialt arbeidsmiljø
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Veiledning
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Talia Indrebø Mellebye, Konst seksjonsleiar, 41320568, talia.indrebo.mellebye@helse-bergen.noSigne Haugen, Avdelingssjef, 55976822
Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5105654517
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.04.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Signe Haugen
Avdelingssjef
55976822
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e5e629c2-3807-44cf-a37b-b60c3b4c6fb9
- Sist endret
31. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
836657e5c1bf4714947fb01a833f1b29