Hopp til innhold

Ung jobb i skulefritidsordninga i Ullensvang kommune

Arbeidsgiver

Ullensvang kommune Oppvekst og utdanning

Sted

Opheimsgata 31, 5750 Odda

Om jobben

Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 1. april

Ung jobb i skulefritidsordning i Ullensvang kommune 2026! 


Er du mellom 13 - 17 år og vil tena dine eigne pengar? 

Frå 22. juni 2026 har skulefritidsordninga ledig jobb for deg! 

Her får du høve til å få jobberfaring, tena eigne lommepengar og utvikla viktige personlege eigenskapar. 

Årets sommerjobb i skulefritidsordninga er forbeholdt ungdom som bur i Ullensvang kommune.

 

Om arbeidsstaden: 

Skulefritidsordninga (SFO): 

Ullensvang kommune har 10 grunnskular. Ni skular har tilbod om SFO til barn frå 1.- 4. trinn, og barn med særskilte behov opp til 7. trinn. Skulane skal til ei kvar tid vera opptatt av å vera gode skular, der opplæringa er av høg kvalitet og der meistring, læringsglede og trivsel er sentralt. 

Ta kontakt med rektor om du har spørsmål om stillinga. 

Kontaktinformasjon og informasjon om dei ulike skulane våre 


Organisering i jobben: 

Inntil to veker, og mellom 4- 7 timar per dag. Det kan væra høve til å få avtale om arbeid etter skuletid og i skuleferiane elles gjennom året. 


Kompetanse: 

  • Interesse for å gje omsorg til barn og leika med barn 

  • Erfaringar frå barnehage og/eller skule frå eiga barnehage- og skuletid 


Kvalifikasjonar og personlege eigenskaper og aktuelle arbeidsoppgåver : 

  • Evne til å væra ein god leikeressurs 

  • Evne til å gje omsorg og hjelpa med påkledning, støtta barn ved måltid og i ryddesituasjonar i SFO. Evne til å hjelpa med praktisk arbeid som dekking av bord, rydding av leiker og utstyr inne og ute. 

Opplæring vert gjeven ved oppstart. Rettleiing og oppfølging vert gitt undervegs i arbeidssituasjonen. 


Krav: 

Samtykke frå føresette. Ungdom under 15 år må ha skriftleg samtykke frå føresette før dei startar opp i jobben.  

 

Arbeidstakar under 18 år vert orientert om kva teieplikt betyr og reglar om bruk av mobiltelefon i arbeidstid. Politiattest i samtykke med føresette. 

Det er viktig at du i søknaden skriv i kva for skulefritidsordning(skule)du søker til og aktuelle veker. Har du fleire val, må du prioritere dei i rekkjefølggje (1,2,3).


Løn:

Under 16 år: 80% av minsteløn jf. gjeldande Hovudtariffavtale. Kr. 162,87 pr time. Timelønna vert justert opp etter lønnsoppgjer pr 01.05.26. 

16- 18 år: 90% av minsteløn jf. gjeldande Hovudtariffavtale. Kr. 183,23 pr time. Timelønna vert justert opp etter lønnsoppgjer pr 01.05.26. 

De vil få svar på søknaden i veke 20, innan 15.05.26.

 

Til orientering om Offentleglova: 

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling. 

For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket. 

I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: 

"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. 


Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune: 

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e- post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e-post i innboksen din, sjekk uønska e- post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/ 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Om bedriften

- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e5dfca75-567e-4008-9bdc-fa2fa2cb75b9

Sist endret

19. mars 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3608587_189347_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser