Hopp til innhold

Barne- og Ungdomsarbeidar/fagarbeidar

Arbeidsgiver

Bokn kommune Bokn barnehage

Sted

Boknatunvegen 31, 5561 Bokn

Om jobben

Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 18. februar

100 % Vikariat Barne- og Ungdomsarbeidar/fagarbeidar stilling i Bokn Barnehage

 

Me har ledig eit vikariat 100 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar/fagarbeidar frå og med snarast og tom 31.12.26 med moglegheit for forlenging.

 

Bokn kommune har som mål å skapa eit trygt og inkluderande samfunn, som er med på å bygge opp robuste samfunnsborgarar, slik at det er kjekt å koma attende til Bokn.

Alle barn fortener ein god start. Barn og unge skal oppleva å læra, leika, utvikla seg og å meistra. Trygge rammer er viktige; trygge barn som trivs, lærer betre. I Bokn kommune skal me ha barnehage og skule som gjev høve til god utvikling for alle barn og unge - uavhengig av sosial, kulturell og språkleg bakgrunn, kjønn, kognitive og fysiske skilnadar. Dei må ha vaksne rundt seg som gjev støtte og omsorg, anten dei må ha hjelp til å finna seg ein ven, delta i leik eller læra seg å lesa, skriva og rekna og forstå samfunnet me lever i.

Bokn kommune har no utarbeida ny oppvekstplan.

Barnehagen og skulen ligg i Føresvik i Bokn, rett ved sida av bibliotek og kommunehuset. Me har kort veg til sjø, skog og

mark og det gjer at me ofte er på tur her.

Barnehagen og skule har tilsette med eit stort fagleg og pedagogisk engasjement, med lang erfaring og brei kompetanse.

 Bokn barnehage

Bokn kommune eig og driv barnehagen, og han vart opna i 1978. Barnehagen har i dag omlag 45 barn, og 14 tilsette.

 

Kven ser me etter?

Me søkjer ein trygg, varm, utadvent og leiken person som er god på relasjonar med både born og vaksne. Du

er engasjert på borna sine vegne, og opplever arbeid med born som meiningsfylt, viktig og engasjerande. Du må være fleksibel, kunne "ta ting på sparket", gå inn i alle typar oppgåver og delta i dei daglege aktivitetane. Du er sjølvstendig og strukturert i arbeidet ditt, og du kan både gi og ta i mot rettleiing.

 

Barnehagen er mykje ute på turar, og naturen er ein del av vår leikeplass. Du må derfor vere glad i vere ute, og har du eit ekstra engasjement for natur, miljø og berekraft blir me veldig glade. Kanskje har du nokre skjulte talent eller interesser som du ønsker å bruke i din arbeidsdag? Fortel oss gjerne om desse!

 Kompetansekrav

-       godkjend utdanning som Barne- og ungdomsfagarbeidar

-       erfaring frå arbeid i barnehage

-       beherske norsk på eit godt nivå, bestått språktest B2

-       beherske digitale verktøy

 

Som arbeidsgivar kan me tilby

-       lønn etter tariffavtale

-       moglegheit for personleg og fagleg utvikling

-       medlemskap i offentleg pensjonsordning

 

Kvar skal du sende søknaden?

Søknaden skal sendast elektronisk via kommunen sitt rekrutteringssystem. www.bokn.kommune.no "ledige stillingar"

Attestar og vitnemål treng ikkje leggjast ved søknaden.  

Det er krav om gyldig politiattest ved tilsetjing.

 

Søknadsfrist    18.02.2026                                 Utlyst dato        04.02.2026

 

Kontaktperson

Kate Åse Helgø, Barnehagestyrar, tlf: 48254428, kate.ase.helgo@bokn.kommune.no

Åse Bratthammer, Oppvekstsjef, tlf 95839162, ase.bratthammer@bokn.kommune.no


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Kate Åse Helgø

+47 48254428

kate.ase.helgo@bokn.kommune.no

Om bedriften

Bokn kommune eig og driv barnehagen, og han vart opna i 1978. Barnehagen har i dag omlag 40 barn, og 11 tilsette. Barnehagen ligg i Føresvik i Bokn, rett ved sida av skule, bibliotek og kommunehuset. Me har kort veg til sjø, skog og mark og det gjer at me ofte er på tur her. Barnehagen tilbyr full kost. Barnehagen har tilsette med eit stort fagleg og pedagogisk engasjement, med lang erfaring og brei kompetanse. Me er med i eit regionalt nettverk saman med andre kommunar, og tilsette får delta jamleg i nettverk med Karmøybarnehagane. Barnehagen er i startfasen på eit arbeid med inkluderande leikemiljø samstundes som det vert jobba med verdiane i læringsmiljøsenteret sitt program "være saman".

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e5d5d31e-211d-408b-805d-4421c6097352

Sist endret

4. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3592327_241057_nn

Lignende annonser