Barne - og ungdomsarbeider, ein fast 100 % stilling og eitt vikariat i 100% stilling
Vindafjord kommune Skjold barnehage
Vikanesvegen 18, 5574 Skjold
Om jobben
- Stillingstittel
- Vil du bli vår barne- og ungdomsarbeidar? Då må du søka her!
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. mars
Me søker deg som er utdanna barne- og ungdomsarbeidar, eller har annan relevant utdanning/erfaring.
Me har ledig 100% fast stilling frå 01.04.2026 i Skjold barnehage, med moglegheit for å starte før om du kan. Me har også ledig eit 100 % vikariat frå 01.08.2026.
Skjold barnehage ligg idyllisk til på Vikaneset, omgitt av vakker natur med nærleik til både sjø og fjell. Her får du jobbe i eit inspirerande miljø, med gode moglegheiter for uteaktivitetar og naturopplevingar saman med barna.
Barnehagen har 8 avdelingar med eit stabilt og godt arbeidsmiljø, der trivsel og samarbeid står i fokus. Me ser etter engasjerte og omsorgsfulle kolleger som vil vera med å skapa ein trygg og utviklande kvardag for barna.
Kva får du jobba med hos oss?- Viktig delansvar ved å gi eit godt sosialt, omsorgsfullt og pedagogisk tilbod til barna.
- Vera ein varm, tydeleg og grensesetjande vaksen.
- Vera ein god rollemodell for barna.
- Observasjon/tiltak i forhold til einskildbarn og gruppe.
- Utføre oppgåver pålagt av ped.leiar eller styrar.
- Delansvar for å auka kvaliteten på tilbodet.
- Halde deg fagleg oppdatert.
- Vere med å utvikle språket til barna igjennom muntleg deltaking og samspel.
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
- Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering og tilbod om gunstig mobilabonnement.
- Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeider.
- Andre med relevant utdanning og erfaring kan også søka, og vil bli vurdert. Ein vil då få stillingskode som assistent.
- Det krevs godkjent politiattest ved tilsetting.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
- Positiv, engasjert, fleksibel og initiativrik person som er villig til å arbeide opp mot fleire aldersgrupper.
- Du må lika å vera ute.
- Du må lika å vera i samtale med barn og kunne bruke språket aktivt saman med barna.
- Du må kunna bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø og godt samarbeid mellom kollegaer.
Du må vera skikka til å jobbe i barnehage, difor vil personlege eigenskapar bli vektlagt.
Andre opplysningar:- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3b0c9215-0bfd-4f5e-a5e1-63dcca09cec7
- Sist endret
26. februar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3599381_228567_nn
Lignende annonser
Skjold barnehage søker pedagogisk leiar.
Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Skjold barnehage
Sted
Skjold
Barne- og ungdomsarbeidar
Arbeidsgiver
Suldal kommune Marvik skule
Sted
Hebnes
Lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget
Arbeidsgiver
Vindafjord kommune HR og lønn
Sted
Ølen