Hopp til innhold

Ønsker du å bidra til at fleire kjem i arbeid?

Arbeidsgiver

Rettleiar - Nav Bergen sentrum 

Sted

Møllendalsveien 8, 5009 Bergen

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Rettleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hybridkontor

Ønsker du å bidra til at personar med sjukdom og nedsett arbeidsevne kjem seg i arbeid? Har du tru på at dei fleste menneske, trass i fysiske eller psykiske utfordringar, kan vere i ordinært arbeid? Ønsker du å bidra til eit viktig samfunnsområde? Då kan dette vere jobben for deg, og vi har no 2 ledige stillingar ved Nav Bergen sentrum.

Nav Bergen sentrum er regionkontor i Nav region Bergen, og er også bydelskontor for Bergenhus og Årstad bydel med ca. 85 000 innbyggarar. Kontoret har todelt leiarmodell, med ein statleg og ein kommunal leiar og har til saman rundt 300 tilsette, der 150 er statleg tilsette. Nav sitt mål er at flest mogleg skal vere i ordinært lønna arbeid eller anna aktivitet, og at færre  skal vere avhengig av økonomisk stønad frå Nav. Gjennom innsatsen og kompetansen vår skal  fleire få høve til å vere i arbeid, delta i samfunnet og vere sikra inntekt. 

Vi ser etter deg som vil jobbe med oppfølging av brukarar. Kontoret har høge mål for kvalitet og resultat i oppfølgingsarbeidet og jobbar etter prinsippa om kontinuerlig forbetring for å gje brukarane våre moglegheiter.


Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av brukarar gjennom samtalar, dialogmøte og samarbeidsmøte
  • Kartlegge og motivere for arbeid og aktivitet
  • Sjå brukaren sin kompetanse og korleis ein kan kome raskt i jobb
  • Digital kommunikasjon med brukar
  • Saksbehandling etter lov om folketrygd og arbeids- og velferdsforvaltninga
  • Vere i tett dialog med arbeidsgivar, helsepersonell, tiltaksbedrifter og andre samarbeidspartnarar

Det kan bli noko endringar i arbeidsoppgåvene.

Kvalifikasjonar

Du må ha
  • Fullført utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant arbeidserfaring og/eller utdanning kan kompensere for utdanningskravet.
  • Erfaring frå å jobbe i direkte kontakt med menneske i ulike livsfasar
  • Rettleiingskompetanse 
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • Digital kompetanse som gjer at du kjem raskt i gang med nye digitale system

Det er ein fordel om du også har

  • Erfaring med eller kunnskap om arbeidsmarknaden og tilrettelegging på arbeidsplassen
  • Erfaring frå rettleiing der du har kartlagt behov eller bistått i prosess mot ny jobb

Vi ser etter deg som

  • Er god til å bygge relasjonar, motivere og inspirere
  • Har analytiske evner og kan jobbe sjølvstendig og i team
  • Arbeider systematisk, har god arbeidskapasitet og klarer å prioritere i en hektisk kvardag
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Er omgjengeleg og samarbeidsorientert

Vi tilbyr

  • Spennande og meiningsfylde arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde   
  • Eit godt arbeidsmiljø prega av engasjerte og kunnskapsrike kollegaer  
  • Opplæring innan relevante felt og gode høve til utvikling  
  • Fleksitidsordning, trening i arbeidstid og mogleigheit for hybrid arbeidskvardag
  • Lønn i stillingskode 1434 rådgjevar frå kr. 622 000 - kr. 660 000 per år. For særleg kvalifiserte søkarar kan noko høgare løn vurderast.
  • God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse

Les meir om Nav som arbeidsgivar

Kontaktinformasjon

Anne Haugsvær, Avdelingsleiar, 926 52 713, anne.may.haugsver@nav.no
Håvard Berentsen, Avdelingsleiar, 920 26 923, havard.berentsen@nav.no

Arbeidsstad

Møllendalsveien 8
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Nav

Referansenr.: 4993321437
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.02.2026

Om bedriften

Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.  

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.

Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.

Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no. 

NAVstilling

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e5b5b62b-cb84-45d2-98b9-0817af84c96f

Sist endret

5. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

b9559bfeb77741eaaa853717e6c66521

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Barne- og familietjenesten i Fyllingsdalen og Laksevåg, Bergen kommune

Sted

Fyllingsdalen