Hopp til innhold

Leiar søkes til splitter ny skule i fjelleldoradoet Rauma!

Arbeidsgiver

Rauma kommune Grunnskole

Sted

Vollan 8a, 6300 Åndalsnes

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Rektor ved Måndalen skule
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Stilling
Måndalen skule er ny, moderne og omgitt av fjord og fjell – og no treng vi ein engasjert rektor i 100 % fast stilling!

Om jobben:
Du får leie ein skule med ca. 100 elevar og 18 tilsette, og blir ein viktig del av utviklinga av Raumaskulen. Her får du varierte dagar, mykje ansvar og gode folk rundt deg. Du kan lese meir om skulen vår her: Måndalen skule - Rauma kommune

Vi ser etter deg som:

  • Har relevant utdanning og gjerne leiarerfaring
  • Er god på folk, struktur og utvikling
  • Er inkluderande, engasjert og klar for å tenkje nytt
  • Har god relasjonskompetanse og er flink til å utvilke denne i organisasjonen

Vi tilbyr:

  • Støtte frå dyktige kollegaer og leiarar
  • Moglegheit for leiarutdanning
  • Ein arbeidsplass midt i naturen – med turmuligheiter året rundt
  • Omvendt referansesjekk: Spør noverande rektor Ingrid korleis jobben er!

Klar for å bli med på laget? Vi gler oss til å høyre frå deg!

Søknad 
Rauma kommune tek kun imot elektroniske søknadar. Søkjerettleiing: Søkerveiledning - Rauma kommune eller personal@rauma.kommune.no
Det er viktig at du tek deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller, og registrerer/oppdaterer CV`en med utdanning og kompetanse i søknadsskjemaet. Last opp aktuelle attestar og vitnemål i PDF format.

Merk at opplysningar kan gjerast offentlege sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste. Du vil då bli varsla, om ønsket om reservasjon ikkje vert teke til følgje, jf.Offentleglova.

Tilsetting
Tilsetting skjer i høve til gjeldande lovar, reglement og avtaleverk, òg når det gjeld medlemskap i pensjonsordning. Avlønning etter sentral Hovudtariffavtale ut frå kvalifikasjonar og ansiennitet. 

Politiattest
Den tilsette må leggje fram gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, før tilsettjing. Jfr. Opplæringslova § 10-9 og forskrift § 15. 

Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseselgarar.

 
Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Velkommen til verdas beste kommune for naturglade menneske! Hos oss kan du både ha ein givande jobb og ei aktiv fritid. Du har kort veg til naturopplevingar uansett kvar du oppheld deg i kommunen. Kommunesenteret Åndalsnes ligg innan 1-2 timars køyretur til Molde og Ålesund lufthamn, og Raumabanen gjer at du kan reise miljøvenleg med tog til Rauma. Kommunen har eit bredt og framoverlent næringsliv og satsar aktivt på turisme og gode opplevingar for alle. Kjende turistmål som Trollstigen, Romsdalseggen, Rampestreken og Romsdalsgondolen finn du her, og vi har eit spanande og variert kulturliv med Rauma kulturhus som motor. Norsk fjellfestival, Trollveggen Triathlon og Rauma Rock er tre av folkefestane som skaper liv og røre. Velkommen til naturgledekommunen Rauma!

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e50d3d70-9ffd-4f3c-99bb-d7c9d738881a

Sist endret

6. januar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3570381_189833_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser