Hopp til innhold

Spennande stilling på poliklinikk

Arbeidsgiver

Medisinsk poliklinikk Førde, Helse Førde

Sted

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Medisinsk poliklinikk har ledig vikariat i 80% som sjukepleiar, med moglegheit for fast tilsetjing frå snarast.

Vil du vere med på laget og planlegge for ein framtidsretta poliklinikk innan infusjonsfaget?

Helse Førde har starta ei arbeidsgruppe som planlegg ein felles infusjonspoliklinikk innan fagområda nevrologi, revmatologi, hud, auge, medisin og barn. 
Dette er ein unik sjanse til å vere med i planlegginga og bygge opp eit nytt tilbod. Vikariatet er per no tilknytta medisinsk poliklinikk, men når det vert oppstart av ny infusjonspoliklinikk vil stillinga fylgje med over dit. 

Vi kan ikkje love at arbeidsdagane vil bli like, men vi kan love variasjon. Vi kan også love at du vil bli omringa av eit mangfald av kollegaer. Du vil alltid ha nokon å spørje, lene og støtte deg på. Her er det gode moglegheiter for fagleg utvikling og nye erfaringar.

Innan infusjonsfeltet på medisin er hovudtyngda av pasientpopulasjonen tilknytta gastro og tarmsjukdommar. Men vi har også pasientar med lunge, nyre og endokrinologiske sjukdommar. Fram til oppstart av ny, felles infusjonseining er det desse pasientane og problemstillingane du vil jobbe med.


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil vere knytt til IBD-pasientar og oppfølging av denne pasientgruppa i form av infusjonar, opplæring innan heimebehandling og behovsstyrt poliklinikk. I tillegg vil det også vere oppfølging av andre pasientgrupper, hovudsakleg i form av infusjonar og testar. I tillegg vil det også vere tilknytt eit spennande arbeid med planlegging og oppstart av felles infusjonspoliklinikk. 

Vi brukar DIPS arena som journalsystem. I tillegg brukar vi Imatis og det føreligg oså plan om å nytte kurversystemet Meona i felles infusjonspolklinikk.

Kvalifikasjonar

Søkjar må vere autorisert sjukepleiar/spesialsjukepleiar. Avdelinga set fokus på auka kompetanse og det er mogleg å legge til rette for vidareutdanning innan våre hovudfagfelt. Det vil være ein fordel om du har erfaring frå poliklinikk frå tidlegare, men ikkje påkrevd.

Er det område eller spesifikke problemstillingar du brenn for eller ønskjer å forbetre, vil avdelinga legge til rette for dette. Dette kan ein t.d. gjere gjennom Helse Vest si Forbetringsutdanning der ein lærer å drive eit forbetringsarbeid.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein engasjert og motivert sjukepleiar som ønskjer å ta del i ein hektisk kvardag med mange varierte problemstillingar. Det er viktig at du kan arbeide både sjølvstendig og i team.

Ei av våre styrker er at vi er ei inkluderande gruppe som hjelper kvarandre og har lav terskel for å stille spørsmål. Fagleg utvikling, evne til fleksibilitet og omstilling er eigenskapar som er viktige hos oss.

Vi tilbyr

Medisinsk poliklinikk tilbyr trygg og god opplæring. Vi har fokus på å styrkje sosial tilhøyrsle og trivsel på arbeidsplassen med årlege treffpunkt. 


Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Line Anita Hjorthaug, Seksjonsleiar, (+47) 910 08 356

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5056985848
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Søknadsfrist: 11.01.2026

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e48fb241-3f47-4c56-b617-be4ef37f1b78

Sist endret

12. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

227a4593cd794312b8dcfb7a543753ab

Lignende annonser

Laster lignende annonser