Hopp til innhold

Konsulent vikariat

Arbeidsgiver

ReHabiliteringsklinikken, Helse Bergen HF, 

Sted

Nordåsgrenda 4, 5235 Rådal

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Konsulent
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Vil du vere med å utvikle gode helsetenester i ReHabiliteringsklinikken? ReHabiliteringsklinikken greier ut og behandlar menneske med medfødde og erverva skadar, slik at dei kan oppleve meistring, livskvalitet og eit forbetra funksjonsnivå i kvardagen. Vi jobbar tverrfagleg med komplekse medisinske problemstillingar, og du får du samarbeide med engasjerte og kompetente medarbeidarar frå flere helseprofesjonar. Klinikken består av Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR), Habiliteringstenesta for vaksne (HAVO) og Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering.

Klinikken gir spesialiserte tilbod og tenester til personar med komplekse og samansette behov for utgreiing, vurdering og rehabilitering/habilitering i sjukehus. Tilbodet omfattar døgnbehandling, dagbehandling og poliklinikk. Vi har fleire regionale funksjonar og ein nasjonal funksjon, og er tyngdepunktet for spesialisert habilitering og rehabilitering for vaksne i Helse Bergen.  

Vi har no ledig eit vikariat som konsulent frå snarast og til 30.08.2026 med mogleg forlenging ved ReHabiliteringsklinikken, Haukeland universitetssjukehus.


Arbeidsoppgåver

I stillinga vil du rapportere til leiar for Merkantil eining. Din fremste rolle er å gje administrativ støtte til klinikkdirektør og leiargruppa, slik at leiinga kan fokusere på effektiv drift, personal- og fagleiing. 

  • Administrativ støtte til klinikkdirektør og leiargruppa
  • Administrering av ulike fag- og administrasjonssystem
  • Dagleg koordinering og oppfølging av praktisk/administrativ drift i GAT
  • Delta i planlegging og oppfølging av arbeidsplanar og turnus
  • Elements, fordele saker i saksbehandlingssystem, og bidra i saksbehandling
  • Oppgåver knytt til registrering og oppfølging i SAP/Libra
  • Bidra til forbetringsarbeid og utvikling av rutinar og prosessar
  • Andre administrative oppgåver knytt til drift og våre tenester

Kvalifikasjonar

  • Treårig høgare utdanning innan helse, administrasjon eller anna relevant utdanning
  • Spesielt høg kompetanse og lang erfaring kan vege opp for utdanningskravet
  • Det er ein fordel med kjennskap til spesialisthelsetenesta
  • Det er ein fordel om du meistrar fag- og administrative system som nyttast i Helse Vest, som DIPS, GAT, WebCruiter, SAP/Libra, Elements, Elektronisk kvalitetshandbok, Kompetanseportalen og Synergi
  • Høg kompetanse på M365
  • God digital kompetanse og interesse for å ta i bruk nye IT-verktøy
  • Erfaring med kvalitetsforbetring eller prosjektleiing tel positivt
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare. Dokumentasjon må leggast ved søknad 

Personlege eigenskapar

  • Strukturert, nøyaktig og effektiv med god evne til å prioritere og gjennomføre
  • Evne og interesse til å forstå leiarar sine behov, og å aktivt problemløyse for å dekke desse
  • Løysingsorientert og fleksibel i møte med endringar og nye oppgåver
  • Engasjert og initiativrik, med fokus på kvalitet og forbetring
  • God skriftleg og munnleg forståing og framstillingsevne
  • Gode relasjonelle ferdigheiter og samarbeidsevner
  • Interesse for kontinuerleg utvikling og forbetring av administrative og merkantile arbeidsprosessar
  • Evne til å jobbe godt sjølvstendig og i team
  • Trygg og tydeleg i kommunikasjon

Vi tilbyr

  • Varierte arbeidsoppgåver i ein stor, kunnskapsbasert organisasjon
  • Høgt tempo og gode kollegaer
  • Fagleg utvikling
  • Godt arbeidsmiljø 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Renathe Engelsen, Seksjonsleiar, 98807666, renathe.engelsen@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Nordåsgrenda 4
5235 Rådal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5065030194
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 01.02.2026

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e2004868-5054-444f-9476-b44c2824a3d6

Sist endret

2. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

1657cc1575604ae281429a5223b73816

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Hjemmebaserte tjenester i Fyllingsdalen og Laksevåg, Bergen kommune

Sted

Fyllingsdalen