Organist/kyrkjemusikar/dirigent – 40% fast, fleksibel stilling
Sauda Sokn
Toppadalen 3, 4200 Sauda
Om jobben
- Oppstart
- Etter avtale
- Stillingstittel
- Organist
- Type ansettelse
- Fast, deltid 40%
- Arbeidstid
- Dagtid og kveld, alle dager
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Me søkjer ein engasjert musikar og dirigent til ein stilling med stor fleksibilitet. Tiltreding så snart som råd.
Sauda ligg vakkert til ved enden av ein fjord omkransa av flotte fjell, ein liten by der det skjer mykje, med rikt organisasjonsliv og mange arrangement. Me kan lokka med eit flott, særprega kulturhus i Folkets Hus, symjehall med heilårs oppvarma utebasseng, skitrekk, klatrehall, flotte tennis-, golf- og minigolfbanar, rekreasjonsområde, og ikkje minst mange fine turar både sommar og vinter.
Utover dei faste arbeidsoppgåvene er det i innverande skuleår behov for dirigent for Sauda Soul Children, og det er difor tenkt at resten av stillinga går med til dette. Avhengig av den framtidige dirigentsituasjonen for koret kan dette bli skifta ut med andre oppgåver på sikt, men det kan òg vera engasjementet blir varig. Koret er delt i to aldersgrupper, og har øving annakvar veke, i tillegg til å vera med på ein del arrangement. Dette kan t.d. vera deltaking i nokre av gudstenestene dirigenten har ansvar for som organist, og gjerne eit par konsertar utanom. Me vil i samarbeid med søkjaren finna løysingar for korleis denne delen av jobben blir organisert, med ei rettferdig arbeidsmengd, og med involvering av frivillige og andre i staben, slik at dirigenten ikkje blir aleine med oppgåva.
Søkjaren må beherska orgel og piano til eit visst nivå, men må gjerne bruka andre instrument i tenesta. Like viktig er gode eigenskapar som dirigent/korleiar og evne til å jobba med unge.
Me er opptekne av fleksibilitet som går begge vegar. Difor vil me strekka oss for å finna arbeidstider og -formar som passar for søkjaren, samstundes som søkjaren sjølv viser fleksibilitet i møte med varierte arbeidsoppgåver. Me ser fram til finna ut kva me kan tilby for kvarandre!
Bygg og instrumentSauda kyrkje har to flotte mekaniske neobarokke orgel frå Verschueren: hovudorgelet frå 2002 (2 manualar og pedalar, 19 stemmer) og eit mindre kororgel frå 2000. I tillegg er det utstyrt med eit godt Yamaha-piano.
I Saudasjøen kapell står eit svært bra flygel av merket Grotrian-Steinweg, samt eit orgel frå 1978 frå Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk (2 manualar og pedalar, 11 stemmer).
Gravkapellet på Solbrekk er utstyrt med eit enklare 1-manuals orgel med 5 stemmer, og eit Fazer-piano.
Hellandsbygd kapell har eit 1-manuals orgel med 3 stemmer.
ArbeidstidÉi arbeidshelg per månad, 8 øvrige gudstenester (hovudsakleg høgtider), 5 fulle arbeidsveker årleg (for å dekka ferievekene til organist i full stilling). Resten etter nærare avtale, jf. avsnitt om dirigentoppgåve.
ArbeidsoppgåverPlanlegga og gjennomføra gudstenester og kyrkjelege handlingar i samarbeid med prest og stab
Dirigent for Sauda Soul Children
Samarbeida med øvrig musikkliv, solistar og songarar
KvalifikasjonarKyrkjemusikalsk utdanning jf. tenesteordninga for kantorar i DNK
Andre søkjarar med høgare musikkutdanning vil òg bli vurdert, men blir då tilsett som organist/kyrkjemusikar
Medlem av Den norske kyrkja
Politiattest
Beherskar norsk munnleg og skriftleg
Aktuelle kandidatar blir innkalt til intervju og prøvespel
Må disponera bil eller sykkel
Personlege eigenskaparGode samarbeidsevner og fleksibilitet
Tek initiativ, kan arbeida sjølvstendig
Me tilbyrFleksibel arbeidstid
Kontorplass på Sauda kyrkjekontor (?)
Løn og godtgjersle etter KA-tariff og pensjonsordning i KLP
Gode øvingslokale og instrument
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sauda sokn har omlag 3 400 medlemmer, og omfattar Sauda kyrkje, Saudasjøen kapell, Solbrekk kapell og Hellandsbygd kapell.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e1f166f4-fdc1-4fe5-ab7d-dc7b77cea147
- Sist endret
22. september 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
e1f166f4-fdc1-4fe5-ab7d-dc7b77cea147