Hopp til innhold

100% vikariat som kantor/kyrkjemusikar i Sauda

Arbeidsgiver

Sauda kyrkjelege fellesråd

Sted

Toppadalen 3, 4200 Sauda

Om jobben

Oppstart
1. januar 2027
Stillingstittel
Organist
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, alle dager

Søk på jobben

Søk snarest mulig

Vil du vera med å setja preg på musikklivet i Sauda?

Me søkjer ein engasjert og fleksibel musikar til eit vikariat i full stilling.

Sauda ligg vakkert til ved enden av ein fjord omkransa av flotte fjell, ein liten by der det skjer mykje, med rikt organisasjonsliv og mange arrangement. Me kan lokka med eit flott, særprega kulturhus i Folkets Hus, symjehall med heilårs oppvarma utebasseng, skitrekk, klatrehall, flotte tennis-, golf- og minigolfbanar, rekreasjonsområde, og ikkje minst mange fine turar både sommar og vinter.

Me søkjer nokon som kan tiltre 1. januar 2027 og jobba fram til 13. juni 2027. Vår fast tilsette organist kan eventuelt dekka påske i denne perioden, dersom søkjaren ønskjer ferie i denne perioden.

Stillinga er nokså romsleg, og det er venta at søkjaren bidrar utover dei obligatoriske kyrkjelege handlingane, etter tid, evne og behov. Dette kan vera korverksemd, konsertar, samarbeid med solistar/forsongarar, orgelundervisning, trusopplæring, administrasjon, IT, bidra til kyrkjebladet, diakonalt arbeid, etc.

Me søkjer musikarar som er komfortable i fleire sjangrar. Søkjaren bør beherska både orgel og piano til eit visst nivå, men må gjerne bruka andre instrument i tenesta. Ei god stemme kjem òg godt med.

Bygg og instrument

Sauda kyrkje har to mekaniske barokkorgel frå Verschueren: hovudorgelet frå 2002 (2 manualar og pedalar, 19 stemmer) og eit lite kororgel frå 2000. I tillegg er det utstyrt med eit godt Yamaha-piano.

I Saudasjøen kapell står eit svært bra flygel frå Grotrian-Steinweg, samt eit orgel frå 1978 frå Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk (2 manualer, pedalar, svellpedal, 11 stemmer).

Gravkapellet på Solbrekk er utstyrt med eit enklare 1-manuals orgel med 5 stemmer og eit Fazer-piano.

Hellandsbygd kapell har eit 1-manuals orgel med 3 stemmer.

Arbeidstid

Tre arbeidshelger i månaden, fri måndagar og dei fleste laurdagar (dei fleste vigslene er på sommaren). Utover høgtider og særskilde arrangement, er det éi gudsteneste kvar søndag, gravferder kvardagar utanom måndagar, gamleheimsandaktar på torsdagar. Arbeidstida er nokså fleksibel, og det er rom for å avspasera ein del dagar.

Arbeidsoppgåver

Planlegga og gjennomføra gudstenester og kyrkjelege handlingar i samarbeid med prest og stab

Leia og utvikla konsertar og annan kulturell verksemd

Orgelundervisning

Samarbeida med øvrig musikkliv, solistar og songarar

Ansvar for instrument

Delta i stabsmøte samt noko administrativt arbeid (ikkje mykje)

Hjelpa til i øvrig arbeid, etter tid og evne

Kvalifikasjonar

Kyrkjemusikalsk utdanning jf. tenesteordninga for kantorar i DNK

Andre søkjarar med høgare musikkutdanning vil òg bli vurdert, men blir då tilsett som organist/kyrkjemusikar

Medlem av Den norske kyrkja

Politiattest

Beherskar norsk munnleg og skriftleg

Aktuelle kandidatar blir innkalt til intervju og prøvespel

Må disponera bil eller sykkel

Personlege eigenskapar

Gode samarbeidsevner og fleksibilitet

Tek initiativ, kan arbeida sjølvstendig

Me tilbyr

Fleksibel arbeidstid

Eige kontor på Sauda kyrkjekontor

Løn og godtgjersle etter KA-tariff og pensjonsordning i KLP

Gode øvingslokale og instrument

Hjelp til å finna mellombels bustad (Sauda har låge leigeprisar og korte avstandar)

Kontaktperson for stillingen

Maryam Veisi

Kyrkjeverje

40035649

mv269@kyrkja.no

Om bedriften

Sauda sokn har omlag 3 400 medlemmer, og omfattar Sauda kyrkje, Saudasjøen kapell, Solbrekk kapell og Hellandsbygd kapell.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e888e378-0c7b-4eaf-83f2-59347a1e23ee

Sist endret

20. oktober 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

e888e378-0c7b-4eaf-83f2-59347a1e23ee

Lignende annonser

Laster lignende annonser