Hopp til innhold

Fagarbeidar

Arbeidsgiver

Veg og park, Volda kommune, Samfunnsutvikling

Sted

Rotsetstranda 18, 6100 Volda

Om jobben

Stillingstittel
Fagarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 15. juni

Vi treng deg som vil vere med på å gjere Volda kommune til ein god stad å bu. I avdeling Veg og Park i Volda kommune er vi stolte av ein organisasjon som er prega av åpenheit, utvikling og samhald. Vi legg vekt på at du skal trivast og oppleve oss som både spanande, trygge og utfordrande i din kvardag. Avdelinga har ansvar for drift og vedlikehald av kommunale vegar, parkar, veglys, hamner, kyrkjegardar, kaier og ute-områder. Vi set samarbeid med andre avdelingar i kommunen høgt og har tydeleg fokus på innbyggarane og kven vi er til for.

Arbeidsoppgåver

  • Hovudarbeidsområdet er innanfor veg og anlegg, samt aktivitet avdelinga har ansvar for.
  • Drift av vegar, kaier, veglys og utanomhusområder er hovudoppgåver lagt til stillinga.
  • Avdelinga har eit breidt ansvar og fagområde, der også vintervedlikehald er ein del av oppgåvene.
  • Vi nyttar it-system for oversikt, tildeling og gjennomføring av arbeidsoppgåver.
  • Avdelinga yter tenester til alle innbyggarar i kommunen og er med på å gjere kvardagen for oss betre.
  • Stillinga tek del i beredskap og brøytevakt.
  • Frammøtestad er Myrtun (Rotsetstranda 18)  i Volda sentrum.

Kvalifikasjonar

  • Primært ønskjer vi søkjarar med fagbrev, men god og relevant erfaring med tilsvarande arbeid vil vere med å vege opp.
  • Førarkort klasse BE, C og for anleggsmaskiner er naudsynt.
  • Erfaring med ulike anleggsmaskiner og spesielt gravemaskin vert vektlagt. 
  • Språkkunnskap (Norsk) er naudsynt.

Personlege eigenskapar

  • Du er fleksibel, lojal, har stor arbeidskapasitet, humor og bidreg til eit godt arbeidsmiljø i vårt fellesskap.
  • Vi legg stor vekt på at du har gode samarbeidsevner og går godt overeins med andre. 
  • Er sjølvstendig i arbeidet, men også trivest godt i samarbeid med andre.
  • For oss er det viktig at du bidreg positivt til vårt arbeidsmiljø og tek i vare både kolleger og innbyggarar.
  • Erfaring med å møte menneske i ulike situasjonar er viktig for oss og vert vektlagt i vår vurdering. 
  • Vi oppmodar både kvinner og menn som er kvalifiserte til å søkje på stillinga.

Vi tilbyr

  • Eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar og kort veg mellom medarbeidar og leiar. 
  • Moderne og oppdatert maskinpark. Lønns -og arbeidsvilkår som er fastsett i lov og avtaleverk. 
  • God offentleg pensjonsordning i KLP.
  • Tilsetjing snarast råd.

Kontaktinformasjon

Edvin Løfoll, Avdelingsleiar veg/park, +47 91 85 25 43
Øyvind Seljeset, Seksjonsleiar, 45251760

Arbeidsstad

Rotsetstranda 18
6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 5126646587
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.06.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Øyvind Seljeset

Seksjonsleiar

45251760

Edvin Løfoll

Avdelingsleiar veg/park

+47 91 85 25 43

Om bedriften

Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.

I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kulturliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.

Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e1b5897e-c314-4e57-a99e-e77e3f6b66a5

Sist endret

1. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

f50ef31a150446f2bd29c0a765527516

Lignende annonser

Laster lignende annonser