Vikar / ferievikar
Modalen kommune
Mo 3, 5729 Modalen
Om jobben
- Stillingstittel
- Vikar / ferievikar
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Om stillinga
Me søkjer ferievikarar, ringevikarar og helgestillingar innan pleie- og omsorgstenesta i Modalen!
Modalen kommune søkjer etter ringevikarar for heile året, ferievikarar og helgestillingar til sjukeheimen, heimesjukepleien og kjøkken.
Er du positiv, raus og viser omsorg for dei rundt deg, kan dette vere jobben for deg. Vi ser etter søkjarar som har erfaring frå tilsvarande arbeid eller som er i utdanning innan helsefag. Søkjarar med anna bakgrunn er òg aktuelle. Det er årsturnus med todelt turnus, det vil seie at vi treng deg som kan jobbe enten dag, kveld, natt og/eller helg.
Det vil vere størst behov i perioden veke 25 - 33 når det gjeld ferievikarar. Ringevikarar er det behov for heile året, og det er også behov for helgestillingar.
Arbeidsoppgåver og ansvar
Som ringevikar/ferievikar skal du yte omsorgsfull og fagleg forsvarleg helsehjelp til bebuarar med plass på sjukeheimen. Du må kunne vere fleksibel og bidra til fortløpande oppgåver for å gjere miljøet rundt bebuarar godt å vere i.
Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i vårt digitale system Profil, og du vil ha medansvar for at oppfølging vert dokumentert i tråd med lov, forskrift og lokale rutinar i tett samarbeid med kollegaer ved Modalstunet.
Kvalifikasjonskrav
Det vil vere ein fordel med:
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Sjukepleiarstudentar
- Rlevant erfaring, studier eller skulegang.
Er du usikker på om du har relevant erfaring, ta gjerne kontakt!
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
I tråd med helsepersonellova vert det stilt krav om politiattset ved tiltrede.
Våre ynskje om deg
Vi ønskjer deg som er omsorgsfull og opptatt av å ta godt i vare tenestemottakarar av pleie- og omsorgstenester. Du må vere opptatt av å sette deg inn i aktuelle oppgåver- og ansvar, og samarbeide godt. Evne til sjølvstendig arbeid er også ein føresetnad.
Me tilbyr
- Løn etter gjeldande tariffavtale
- God pensjonsordning
Spørsmål om stillinga
Ta gjerne kontakt med Pleie- og omsorgsleiar Margrethe Laastad Kvamme på tlf. 56 59 90 91 eller 94 50 73 83 om du har spørsmål til stillinga.
Om bedriften
Vil du trivast i ein liten kommune med oversiktlege forhold? Då er Modalen plassen for deg. Her vil du koma tett på den enkelte innbyggjar og saman med oss kunna nyta det gode livet på landsbygda. Samstundes er ikkje byen langt borte, berre ein time køyring til Bergen.
Modalstunet er kommunen sin einaste sjukeheim og har i snitt 8 - 10 bebuarar. Du finn oss i naturfagre område på Øvre Helland, knappe 15 min å køyre frå kommunesenteret på Mo. Kjem du frå Knarvik er køyretida ca. 1 time. I tillegg til bebuarane på Modalstunet leverer me tenester til heimebuande i kommunen.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e1af307f-47e9-4a90-a30d-40d7c51e5dc4
- Sist endret
31. mars 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10289884