Er du vår nye helsefagarbeidar?
Sikkerhetspost Valen sjukehus
Sjukehusvegen 26, 5451 Valen
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 3. november
Vil du jobbe saman med denne flotte gjengen på Sikkerhetsposten?
På Sikkerhetsposten ved Valen sjukehus får du moglegheita til å jobbe i eit engasjert og tverrfagleg miljø der tryggleik, omsorg og behandling står i fokus. Her får du spennande utfordringar, fagleg utvikling og eit støttande arbeidsmiljø – med blant anna fleksible arbeidsplaner, sikkerheitstillegg og tilgang til trimrom på sjukehuset.
Vi søkjer ein helsefagarbeidar som er motivert for å bidra til auka meistring og livskvalitet for pasientane våre, samtidig som du blir ein del av eit team som vil at du skal lykkast!
Sentrale oppgåver på avdelinga er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gje omsorg og behandling. Kvar pasient har eit tverrfagleg team, kor miljøpersonal, psykiater/psykolog, aktivitør og sosionom samarbeider om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle. Pasientane våre kan vere innlagt over lang tid, medan andre har kortare opphald. Deira ressursar og sårbare sider er det uansett god tid til å bli kjend med.
På grunn av utfordrande og krevande situasjonar som kan oppstå med pasientgruppa, legger vi vekt på evne til å handtere slike situasjonar. For å oppretthalde samansetninga i personalgruppa vert menn oppmoda om å søkje.
Blei du nysgjerrig på korleis det er å jobbe hos oss? Klikk her for å sjå filmen og bli inspirert: https://www.youtube.com/watch?v=vbD5255slcE
Vil du bidra til å skape meining i tilværet for menneske med vanskelege tankar, åtferd og følelsar og som har utfordringar med mellommenneskelege relasjonar?
Søk no og bli med på laget vårt!Kva går jobben ut på?
- Omsorg og behandling tilpassa pasientens individuelle behov
- Observasjon og dokumentasjon av pasientforløp
- Overvåking og implementering av sikkerhetstiltak for pasient- og personaltryggleik
- Tverrfagleg samarbeid med helsepersonell som legar, psykologar og sjukepleiarar
- Formidle kunnskap om psykiske lidingar og relevant lovverk
- Handtering av utfordrande åtferd
- Relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å fremje endring
- Utforming av kort- og langsiktige behandlingsplanar
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Helsefagutdanning (helsefagarbeidar eller anna relevant utdanning)
- Ønskeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Kven er du?
Vi ser etter deg som
- har god evne til å handtere utfordrande og krevande situasjonar som kan oppstå med pasientgruppa. Vi legg vekt på din evne til å handtere slike situasjonar
- er initiativrik, interessert og har respekt for kvar enkelt pasient
- er tilpasningsdyktig og taklar stressande sitasjonar med ro og fagleg haldning
- trivst i eit aktivt og travelt miljø
- er ein god teamarbeider og likar å jobbe tverrfagleg
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- etterspør rettleiing
- er lojal i forhold til avgjerdsler
Vi tilbyr
- Eit profesjonelt og støttande arbeidsmiljø
- Vi legg til rette for kompetanseheving og utvikling gjennom rettleiing og opplæring
- Varierte arbeidsplaner med muligheter for langvakter
- Du får sikkerheitstillegg på kr 7300 per år – som aukar med kr 3400 etter to år
- Bli med på opninga av den nye, oppgraderte sikkerhetsposten i moderne lokalar
- Vi tilbyr bedriftsavtale med treningssenter og tilgang til trimrom på sjukehuset
- Vi kan vere behjelpelege med midlertidig bustad, dersom du treng det
Kontaktinformasjon
Liv Rose Olderkjær Larsen, Funksjonsleiar, +47 53466483Arbeidsstad
Sjukehusvegen 265451 VALEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5027159469
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Sluttdato: 16.08.2026
Søknadsfrist: 03.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Liv Rose Olderkjær Larsen
Funksjonsleiar
+47 53466483
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e19c6397-6977-4c24-bd10-bbf4a627e10a
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b642caa223804a91a6d1b4dd7215062f
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Akuttpsykiatrisk post Valen sjukehus
Sted
Valen
Helsefagarbeidar
Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Institusjonsdrift
Sted
Ølen
Helsefagarbeider 100% fast stilling
Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Husnestunet
Sted
Rosendal