Sjukepleiar med vidareutdanning
Akuttpsykiatrisk post Valen sjukehus
Sjukehusvegen 26, 5451 Valen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar med vidareutdanning
Oppstart
15. desember 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 28. oktober
Då kan du vere med å gjere ein forskjell når det betyr som mest.
Hos Akuttpost Valen møter du pasientar i ein sårbar situasjon der dine faglege og menneskelege kvalitetar kan vere avgjerande. Er du ein sjukepleiar med vidareutdanning som ønsker å bidra med tryggleik, omsorg og fagleg kompetanse i eit tverrfagleg miljø? Då kan dette være jobben for deg.
Her får du moglegheita til å utvikle deg, lære nytt og bli ein del av eit inkluderande team som alltid set pasienten først.
Er dette jobben for deg? 👉Søk no og bli med på laget vårt!
Arbeidsoppgåver
- Gje pasienten medisinsk og miljøterapeutisk behandling som er naudsynt for å oppfylle dei krav som er sett for kvar einskild pasient.
- Du deltek i behandlinga i eit team beståande av psykiater, psykolog, sjukepleiar, vernepleiar, sosionom, helsefagarbeidar
- Du vil få medansvar for å koordinere den miljøterapeutiske behandlinga i posten
- Dokumentasjon og planarbeid
- Bruk av ulike kartleggingsverktøy
- Utforme behandlingsplanar
- Gjennomføre strukturerte samtalar med pasientar i krise gjennom vårt behandlingstilbod "Krisepakke".
- Rettleingsansvar for studentar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Vidareutdanning innan psykisk helsearbeid og rus.
- Ønskeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- er initiativrik, interessert og har respekt for kvar enkelt pasient
- taklar stressande situasjonar med ro og fagleg holdning
- trivst i eit aktivt og travelt miljø
- er ein god teamarbeider og likar å jobbe tverrfagleg
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø og er tilpasningsdyktig
- etterspør rettleiing
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- Eit inkluderande arbeidsmiljø med kompetente kollegaer.
- Kompetanseutvikling gjennom fagdagar og kurs.
- Opplæring i terapeutisk møte med aggresjon og i behandlingstilbodet "Krisepakke".
- God opplæring, internundervisning og rettleiing.
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden.
Kontaktinformasjon
Merete Gravdal, Funksjonsleiar, +47 53466474Arbeidsstad
Sjukehusvegen 265451 VALEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5026799430
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 15.12.2025
Søknadsfrist: 28.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Merete Gravdal
Funksjonsleiar
+47 53466474
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
bba514ff-beab-43af-aede-f37d4ef2d91d
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cfa2246c770e49d083a6c334c265dd49