Helsefagarbeidar som vil vera med inn i framtida?
Vindafjord kommune Institusjonsdrift
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 19. november
Sjå kva arbeidstidsordning DU kan velje under!
Hovudarbeidsoppgåver:- Bidra direkte til å gi bebuarane våre ein veldig god plass å bu og gode tenester.
- Helsefaglege oppgåver som; kartlegging (NEWS bla), oppfølging, pleieplan, tiltak, medisiner mm.
- Rettleiing og tverrfagleg samarbeid.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø og kontinuerlig utvikling av tenestene våre.
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar.
- God IKT kompetanse og erfaring med elektronisk pasientjournal.
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
- Du vil yte gode tenester i eldreomsorga.
- Har eit ynskje om å arbeide med menneske som har komplekse og varierande hjelpebehov.
- Har interesse for faget og held deg oppdatert.
- Positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet, med bevissthet rundt korleis du sjølv påverkar kollegaene dine sin arbeidskvardag.
- Du søker heile tida etter forbetringar for både bebuarar og personell- er løysingsorientert.
- Evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta.
- Du trives med til tider hektiske arbeidsdagar.
- Du er framoverlent og leitar etter gode tiltak for å gi gode tenester til bebuarane.
- Du er fleksibel og ser nytte av å arbeide på tvers av avdelingane.
- Du set pris på og arbeidar for eit godt miljø og stort samarbeidsklima der alle vert høyrt og respektert.
- Personlege eigenskaper vert vektlagt
- Kompetanseheving med støtte frå arbeidsgivar
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Fagdagar
- Felles lunsj kvar fredag med vaffler:)
- Gratis parkering!
- Ingen kø til eller frå jobb (mogleg ein traktor av og til men det går fint).
- Helgeavtale; Meir lønn for fleire helgetimar du arbeidar- gjerne gjennom langvakter.
- Arbeidstidsordning som passar for DEG!
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
40 000,- over garantilønn for arbeid på natt.
10 000,- over garantilønn for arbeid dag/kveld.
Andre opplysningar:Ølen omsorgssenter har 2 avdelingar: Somatisk langtid med 14 plassar og Korttid/rehabilitering med 13 plassar. Vindafjordtunet har demensomsorga fordelt på Nord og Sør- tilsaman 32 plasser og somatisk langtid med 14 plassar. Ølen omsorgssenter har og kjøkkendrifta i kommunen.
Begge hus har eigne nattevakter per i dag. Her går du enten inne på avdeling eller ute i natt patruljen. Det er ønskeleg å kombinera natt med to- eller tredelt turnus, men du kan og gå rein nattevakts stilling.
Som helsefagarbeidar på Ølen omsorgssenter eller Vindafjordtunet, vil du få utfordrande og spanande arbeidsdagar i lag med kjekke, kompetente kollegaer. Du vil få muligheit til å følja våre bebuarar tett og ha direkte innverknad på deira kvardag og livskvalitet.
Me arbeidar med oppgåvedeling for å gi auka motivasjon tl å vera i jobben, kjenne meistring knytt til profesjon og betre samhandling. Me har og skal få- servicemedarbeidar på begge hus og i alle avdelingar som er utover bemanning. Servicemedarbeidarane tek dei praktiske oppgåvene slik at DU kan vera helsefagarbeidar.
Arbeidstidsordningar:Du kan velje etter kvar DU er i LIVET:
- Ordinær dag/kveld
- Ordinær dag/kveld med langvakter på helg
- Langvaktsturnus
- Rein natt
- Kombinert dag/kveld og natt om du ønskjer ( kun todelt ikkje tredelt)
Begge hus har årsturnus med oppstart i februar kvart år.
Helgeavtale: Meir lønn for fleire helgetimar du arbeidar som takk frå oss:
Hjå oss vil me ha det høgt under taket med kort veg til engasjerte leiarar for dine idear. Du kan og sjekke vår Facebook side!
Me ønskjer at våre medarbeidarar skal ha muligheit for utvikling innan fag og interesse, at dei skal ha eit arbeid som motiverar og engasjerar.
Ikkje nøl med å ta kontakt om du har spørsmål. Me er i utvikling og ynskjer å høyre frå deg som vil gjere ein forskjell i eldreomsorga.
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Slik søker du:Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
332ca437-ae89-4d02-90be-e82ad3734b2d
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3553923_229835_nn
Lignende annonser
Servicemedarbeidar
Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Institusjonsdrift
Sted
Ølen
Sjukepleiar
Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Ølen omsorgssenter
Sted
Ølen
Helsesjukepleiarar
Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Helse
Sted
Ølen