Vil du arbeide med offentlege anskaffingar?
Avdeling infrastruktur og veg
Askedalen 2, 6863 Leikanger, Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgjevar offentlege anskaffingar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest torsdag 5. mars
Vestland fylkeskommune skal utvikle gode lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei som brukar våre tenester skal oppleve ein fylkeskommune med høg kvalitet. På avdelinga for infrastruktur og veg tek vi vare på fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar. Fylkesvegane knyter fylket saman og skal fungere som ei trygg og føreseieleg ferdselsåre. Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekker samfunnet sitt behov for transport og fremmer regional utvikling.
Rolla som rådgjevar innan offentlege anskaffingar ligg organisatorisk til avdelinga sin stab og skal vere med å gjennomføre gode anskaffingar og nytte ulike konkurranseformer. Staben består av omlag 20 tilsette og har ansvar for å rådgje dei ulike fageiningane mellom anna på områda offentlege anskaffingar, økonomi og HMS. Staben skal gjennom god rådgjeving og rettleiing bidra til å heve kompetansen og sikre gode beslutningar ute i einingane.
Arbeidsoppgåver
- Ansvarleg for å planlegge, gjennomføre og følge opp anskaffingsprosessar i tråd med gjeldande regelverk og fylkeskommunen sine strategiar.
- Rådgiving om bruk av ulike konkurranseformer
- Kvalitetssikring av konkurransegrunnlag
- Evaluering av tilbod
- Bistand med kontraktsforhandlingar
- Ansvarleg for å vidareutvikle bruk av TendSign som styringsverktøy
- Utarbeiding av interne rutinar og retningslinjer og intern bistand på seksjonen sitt arbeidsområde, som t.d utvikling av kontraktsstrategiar og oppfølging av kontraktar
Kvalifikasjonar
- Utdanning frå universitet eller høgskule med relevant fagreretning, helst på master/hovudfagsnivå, innan t.d logistikk, økonomi, rettsvitenskap eller tekniske fag med fokus på kontraktsstyring og innkjøp. Utdanningskravet kan fråvikast dersom du har særs sterk og relevant praksis frå fagområda til stillinga.
- Kjennskap til og erfaring med val og bruk av ulike kontraktsformer og anskaffingsprosedyrar.
- Kunnskap om anskaffingsregelverk, entreprise og kontraktsrett og kontraktsoppfølging.
- Erfaring med NS-kontaktar eller store bygge- og anleggskontraktar vil vere ei føremon.
- Du må ha gode digitale ferdigheiter og erfaring med Microsoft Office, særskilt Excel
- Gode formidlingsevner både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Som rådgjevar innan anskaffingsområdet ved avdelinga infrastruktur og veg vil du vere ein sentral ressurs i arbeidet med offentlege anskaffingar. Du vil samarbeide med kollegaer med ulik fagkompetanse og det er difor viktig at du har gode samarbeidsevner. Du er motivert og trivst med å gi gode råd og rettleiing til avdelinga. Du er analytisk sterk og evner løyse dine oppgåver med eit heilheitleg og strategisk blikk.
Du må ha god gjennomføringsevne, kunne arbeide med fleire prosessar samstundes og sikre at avtaler vert inngått innan fristar.
Vi tilbyr
- ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag
- ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- gode moglegheiter for fagleg utvikling
- løn etter avtale
- gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- fleksibel arbeidstid og for tida moglegheit for heimekontor inntil 2 dagar i veka.
Arbeidsstad er anten Bergen eller Leikanger.
Dersom du ikkje har utdanning på master/hovudfagsnivå vert tilsetjing gjort med anna stillingsnemning.
Kontaktinformasjon
Hjalmar Olseth, LeiarArbeidsstad
Lars Hilles gate 225008 BERGEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5079100453
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.03.2026
Kontaktperson for stillingen
Hjalmar Olseth
Leiar
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e16f48f4-ea09-46b9-9b9e-cc822487e631
- Sist endret
18. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e5c8245e93d847b5b4437c012f51787e
Lignende annonser
innkjøpsrådgjevar 100% fast
Arbeidsgiver
Øygarden kommune Innkjøp og investering
Sted
Straume
Arbeidsgiver
BBSM - Seksjon for økonomi og ressursforvaltning, Bergen kommune
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Forsvarsbygg anskaffelser, Forsvarsbygg
Sted
Harstad, Oslo, Loddefjord