Hopp til innhold

Innkjøp

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Innkjøp og investering

Sted

Foldnesvegen 1, 5354 Straume

Om jobben

Stillingstittel
innkjøpsrådgjevar 100% fast
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest mandag 2. mars

 

Om avdelinga:

 Ønsker du å arbeide med offentlege anskaffingar i eit tverrfagleg miljø i ein stor organisasjon?

 Øygarden kommune søkjer no etter 1 innkjøpsrådgjevar.

 Stillinga byr på varierte og utfordrande arbeidsoppgåver med hovudfokus på gjennomføring av anskaffingar og kontraktsrådgjeving.

 Ein arbeider med anskaffingar bredt opp mot alle einingane i kommunen. 

 Innkjøp skal, gjennom gode og effektive anskaffingsprosessar og god kontraktsoppfølging, leggje til rette for at fellesskapets midlar utnyttast på best mogleg måte. Eininga er lokalisert på rådhuset på Straume og ligg til kommunalsjefområde Finans og økonomi.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Koordinera, gjennomføra og kvalitetssikra offentlege anbods- og innkjøpsprosessar.
  • Rettleiing og rådgjeving knytt til regelverket for offentlege anskaffingar
  • Rådgjeving knytt til kontrakt og avtaleforvaltning.
  • Lage rutinar og rettleiarar
  • Klage og innsynshandtering
 

Kvalifikasjonar: 

  • Bachelornivå, innan relevant fagområde.
  • Ved lang og relevant erfaring med offentlege anskaffingar kan dette kravet fråvikast.
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå større og komplekse anskaffingar og gjerne innan bygg – og anlegg
  • God kjennskap til relevante NS-kontraktar
  • Erfaring med kontraktsoppfølging

Personlege eigenskapar:

  • Løysingsorientert, strukturert og effektiv.
  • Evnar å jobbe godt både sjølvstendig og i tverrfaglege grupper
  • Kommuniserer godt både munnleg og skriftleg

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt:

Margunn Wikum-Olsen

Innkjøpsleiar

95729089

Margunn.wikum-olsen@oygarden.kommune.no

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Margunn Wikum - Olsen

+47 95729089

Margunn.wikum-olsen@oygarden.no

Om bedriften

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

199a54a9-7e86-497c-afd5-8144eb55d24b

Sist endret

16. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3596935_194963_nn

Lignende annonser