Hopp til innhold

Terna avlastning

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Terna avlastning

Sted

Ternholmvegen 15 A, 5337 Rong

Om jobben

Stillingstittel
2 faste stillingar som miløarbeidar
Type ansettelse
Fast, deltid 27%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 5. april

Om avdelinga:

Terna avlasting er lokalisert på Rong og yt avlastning til familiar med born og unge med nedsett funksjonsevne. Avlastningsbustaden har totalt 4 plassar og er fysisk tilpassa ulike funksjonsnedsetjingar. Det er lagt vekt på å gje trygg og god avlastning, tilpassa den einskilde sine behov. Personalgruppa vår er tverrfagleg samansett.

Vi har no ledig to stillingar, ei på 21% og ei på 27%, begge er faste. Stillingane er knytt til årsplan med todelt turnus og 12 helger (langvakt ca. kvar 4. helg) i året.

Arbeidsoppgåver:

  • Stell og pleie
  • Miljøarbeid med born og unge med ulike diagnosar og somatisk kompleksitet
  • Medisinoppfølging

Kvalifikasjonar: 

Må ha:
  • Autorisert helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar med fagbrev
  • Andre med erfaring frå arbeid med målgruppa kan bli vurdert om det ikkje er andre kvalifiserte søkjarar.
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Min. aldersgrense 18 år
  • Førarkort B
Ønskjeleg med:
  • Erfaring med born og unge med nedsett funksjonsevne
  • Personlege eigenskapar:
    • Fleksibel
    • Løysingsorientert
    • Gode kommunikasjonsevner
    • Det vil bli lagt vekt på at søkjar er personleg eigna

    Vi tilbyr:

    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
    • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
    • Interessante utfordringar
    • Høve til fagleg og personleg utvikling
    • Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån 

    Kontakt:

    Avdelingsleiar Terna avlastning: Helene H. Jentoft tlf: 99086598

    Leiar Forvaltning og Støttetenester Monica Førde Landro tlf. 95 80 85 36

    Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

    Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Helene Herdlevær Jentoft

    92617539 92617539

    helene.herdlevaer@oygarden.kommune.no

    Om bedriften

    Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    e10cfe38-098a-4763-944a-c0c2eaddd552

    Sist endret

    20. mars 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3607783_240597_nn

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser