Helsefagarbeidar
Barn og unge sengepost og poliklinikk, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar
- Type ansettelse
- Engasjement, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 6. april
Grunna pensjonering og pågåande omorganisering og tenesteutvikling i avdelinga, har vi ledig ei engasjementstilling som helsefagarbeidar. Tidlegare var stillinga knytt til poliklinisk drift, men sengepost og poliklinikk er no samlokalisert i same etasje og organisert i ein felles seksjon: Barne og ungdom, sengepost og poliklinikk.
Endringar i drift kan påverke innhald og organisering av stillinga. Stillinga vil derfor kunne nyttast i både poliklinikk og sengepost, avhengig av behov.
Helse Førde er i ein prosess med vidare tenesteutvikling, og framtidig organisering av seksjonen og tilhøyrande oppgåver er ikkje endeleg avklart. Stillingsinnhald kan derfor bli justert i tråd med utviklinga i tenesta.
Om avdelinga
Barne og ungdom, sengepost og poliklinikk, er ein spennande og variert seksjon med eit breitt fagfelt. Vi har spesialisthelsetenesteansvar for barn og unge i alderen 0–18 år.
Poliklinikken gir medisinsk utgreiing og oppfølging. Dei mest vanlege diagnosane er innan: astma og allergi, diabetes og endokrinologi, mage–tarm, hjarte, nevrologi, nyre og urinvegar, revmatologi, infeksjonar og nyfødtmedisin.
Sengeposten tek imot barn og unge med eit breitt spekter av medisinske, kirurgiske og ortopediske tilstandar, samt premature og sjuke nyfødde.
Ved tilbod om tilsetjing må det leggast fram tilfredsstillende politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma). Attesten skal ikkje vere eldre enn 3 mnd.
Arbeidsoppgåver
- Som helsefagarbeidar hos oss vil du møte både akutte og kronisk sjuke barn og unge, og bidra i varierte oppgåver i seksjonen etter behov.
- Arbeidet er tverrfagleg og skjer i tett samarbeid med kollegaer, pårørande og primærhelsetenesta.
- Du deltek i daglege pasientnære oppgåver, og dokumentasjon i DIPS og Meona er ein naturleg del av arbeidet.
- Arbeidstid er for tida dagtid.
Kvalifikasjonar
- Dokumentert autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar.
- Må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg
- Det er ein fordel med erfaring frå sjukehusdrift, gjerne også med barn.
- Må kunne handtere bruk av PC med tilhøyrande program. Opplæring i interne program vert gitt.
- Søkjar med relevant erfaring vil bli prioritert.
Personlege eigenskapar
- Bidra positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
- Tilpassingsdyktig
- Gode kommunikasjonsevner
- Evne til systematisk arbeid
- Likar å jobbe med barn og foresatte
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Varierte og spennande oppgåver
- Lønn i samsvar med gjeldane overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Jorunn Sollid, Seksjonsleiar, (+47) 992 93 641Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5082114766
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Sluttdato: 25.10.2026
Søknadsfrist: 06.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Jorunn Sollid
Seksjonsleiar
(+47) 992 93 641
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e0cd11d1-16db-41d6-a64f-63f08e169547
- Sist endret
24. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f77c6af491f3469f8b4dc099ba22eb84