Hopp til innhold

Barne og ungdomsarbeidar SFO

Arbeidsgiver

Klepp kommune, Orstad skule

Sted

Skogvegen 26, 4353 Klepp Stasjon

Om jobben

Oppstart
3. august 2026
Stillingstittel
Barne og ungdomsarbeidar SFO
Type ansettelse
Vikariat, deltid
Antall stillinger
2

Søk på jobben

Søk senest mandag 22. juni

Er du ein leiken, kreativ og omsorgsfull vaksen?

Me søkjer ein  blid og kvikk medarbeidar som er sjølvstendig og fleksibel i møte med barn, føresette og kollegaer, som kunne tenkja seg å vera her med oss i Orstad SFO.

Du må ha eit ynskje og evne til å aktivisera barn i leik og gjennom aktivitetar, gjerne med utgangspunkt i eigne interesser og ferdigheiter. Vår SFO brukar hobbyane og interessene til dei tilsette som eit utgangspunkt for aktivitetar for barna på SFO.

For oss er det viktig at alle barn opplever inkludering i felleskapet, og me har fokus på mangfaldet i barnegruppa. Hos oss er alle barn velkomne. Det er viktig at vaksne som jobbar i SFO deler dette synet på barn og inkludering. I Klepp kommune er me opptekne av “med blikk for alle”, og me vektlegg at me er gode rollemodellar for barna og har eit godt foreldresamarbeid.

Me søkjer etter barne- og ungdomsarbeidarar/assistentar med stort fagleg engasjement, som vil vera med å bidra i eit læringsmiljø der barns trivsel og utvikling er i fokus.


Arbeidsoppgåver

  • Gje omsorg og skapa trivsel
  • Bidra til den sosiale utviklinga og trivselen til barna
  • Rettleia barn i leik og fritidsaktivitetar inne og ute
  • Skapa eit trygt og positivt miljø for barn, føresette og kollegaer
  • Byggja gode relasjonar med barna og hjelpa barna til å byggja relasjonar med kvarandre
  • Bidra i planlegginga av innhaldet i SFO i tråd med rammeplanen
  • Gjennomføra aktivitetar med barnegrupper

Kvalifikasjonar

  • Ønskeleg med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men ikkje eit krav
  • Relevant erfaring og kompetanse kan kompensera for manglande utdanning
  • Meistra norsk på eit godt nivå. Du bør ha bestått språktest nivå B1
  • Utviklingsorientert og samarbeidsorientert
  • Attester og vitnemål
  • Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjø oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.

Personlege eigenskapar

  • Positivt syn på barn og inkludering
  • Ein god støttespelar for utviklinga til barna gjennom leik og læring
  • Du må vera ein trygg vaksen og ein god rollemodell for barna, som evnar å setja grenser med varme og omsorg
  • Positiv, engasjert og reflektert
  • God til å kommunisera og samarbeida med andre
  • God til å byggja relasjonar
  • Du må like å vera ute i alle årstider
  • Du må vera aktiv og leiken i samspel med elevane

Vi tilbyr

  • Eit godt og engasjert arbeidsmiljø
  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver og kvardagar
  • Medråderett, medansvar og rettleiing

    Lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og avtalar.

Kontaktinformasjon

Birgit Ute Strand, Sfo-leiar, 91599676
Randi Harveland, rektor, +47 41292877

Arbeidsstad

Skogvegen 26
4353 Klepp Stasjon

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 5145091273
Stillingsprosent: 50, 40%
Vikar
Startdato: 03.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 22.06.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Randi Harveland

rektor

+47 41292877

Birgit Ute Strand

Sfo-leiar

91599676

Om bedriften

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800  tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.

Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

Visjonen vår er «Med blikk for alle».  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.

Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e0a8fe40-a1dc-47d9-a5a8-3f4fc3f49290

Sist endret

12. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

7d8878071f544da892e812baac66f244

Lignende annonser

Laster lignende annonser