Hopp til innhold

Psykologspesialist 

Arbeidsgiver

Vaksenhabilitering, Helse Førde

Sted

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Psykologspesialist (HAVO)
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 12. november

Psykiatrisk klinikk, seksjon for vaksenhabilitering har ledig fast 100 % stilling som psykologspesialist.

Vi søkjer ein engasjert og dyktig psykologspesialist til eit spennande og variert fagfelt. Vaksenhabiliteringa er eit tverrfagleg team med åtte tilsette og kontorplassar i Førde, Sogndal og Nordfjordeid. Teamet gir ambulante spesialisthelsetenester i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn. Kontorstad for denne stillinga er Førde.

HAVO sine tenester er retta mot vaksne personar med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetting. Utgreiing og diagnostisering av utviklingshemming og autisme er dei mest sentrale oppgåvene for psykologspesialisten i teamet. Andre oppgåver som er relevante er miljøbehandling og vurderinger i samband med inntak og avslutning av pasienter. Ofte er utfordringane til våre pasienter komplekse og samansette, med somatiske og psykiske tilleggsvanskar som krev tverrfagleg oppfølging. 

HAVO har to psykologspesialist/psykolog stillingar. Dei øvrige yrkesgruppene i teamet er lege, vernepleiarar, sjukepleiar og spesialpedagog. Arbeidsforma vår er førebygging, støtte og behandling i pasienten sitt heimemiljø, tiltak i akutte kriser og rettleiing. Psykologspesialiststillinga har primært arbeid i poliklinikken, men vekentlege ambulante oppdrag må påreknast.

Vi søkjer primært etter ein psykologspesialist med interesse for fagfeltet. 


Arbeidsoppgåver

  • Nevropsykologisk utgreiing og diagnostisering
  • Miljøbehandling
  • Råd og rettleiing til pasientar og samarbeidspartar
  • Tverrfagleg og tverretatleg samarbeid
  • Vurdering av henvisninger og pasientinntak
  • Bidra i fagutvikling
  • Kurs, undervisning og pasientopplæring

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som psykolog
  • Kjennskap til og interesse for fagfeltet
  • Erfaring med utgreiing og nevropsykologisk testing er ein fordel
  • God munnleg og skriftleg fremstillingsevne på norsk 

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å arbeide målretta og sjølvstendig
  • Trivast med tverrfagleg samarbeid
  • Fleksibel og bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø 
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagd 

Vi tilbyr

  • Spennande faglege utfordringar og oppgåver
  • Tverrfagleg og kompetent fagmiljø  
  • Opplæring og rettleiing
  • Eit robust og godt arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Fleksitidsavtale


Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Merete Stavang, Seksjonsleiar Vaksenhabilitering, (+47) 466 29 769

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5201986730
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.11.2026

Kontaktperson for stillingen

Merete Stavang

Seksjonsleiar Vaksenhabilitering

(+47) 466 29 769

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e0709f7e-4ea7-41d1-8079-fa1e6bbf6bf1

Sist endret

29. oktober 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

60eb375c02504484acc9c7ca30e6fe85

Lignende annonser

Laster lignende annonser