Hopp til innhold

Lege i spesialisering (LIS3)

Arbeidsgiver

Psykiatrisk klinikk, Helse Førde

Sted

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Om jobben

Oppstart
1. mars 2027
Stillingstittel
Lege i spesialisering (LIS3)
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt

Søk på jobben

Søk senest mandag 30. november

Vi søkjer lege i spesialisering (LIS3) ved psykiatrisk klinikk. 

LIS3-stillinga er ledig for oppstart 01.03.2027, eller etter nærare avtale. Allmennlegar som treng sjukehusteneste som del av spesialiseringa, blir oppmoda til å søkje engasjement.

Psykiatrisk klinikk er eit distriktspsykiatrisk senter for kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn, og har i tillegg sentralsjukehusoppgåver innan akuttpsykiatri, vaksenhabilitering,  lokal sikkerheitspost og ambulant sikkerheitsteam.

Avdelinga har 18 faste legestillingar, LIS1 og medisinstudentar vår og haust.

I mars 2021 flytta vi inn i moderne lokale ved sentralsjukehuset i Førde. Her er det fire sengepostar, poliklinikk og Førde BUP. 

Med nærleik til Førde sentralsjukehus, sengepost ungdom (UPH) og Førde BUP, vil det vere mogleg å få all teneste som er nødvendig for å bli spesialist utan å flytte frå Førde. Avdelinga har fleire spennande prosjekt innan forsking og utvikling. NORSE tilbakemeldingssystem er utvikla ved vår avdeling. 

Nyttig informasjon ved jobbsøknad til Psykiatrisk klinikk, Helse Førde HF

    Arbeidsoppgåver

    • Hovudoppgåva er å vurdere, diagnostisere og behandle tilviste pasientar
    • Den som vert tilsett må ventast å ta del i utvikling av fagtilbodet ved avdelinga
    • Delta i 9-delt vaktordning på Psykiatrisk klinikk sine einingar og sengepost for barn og ungdom (UPH)
    • LIS3 får utarbeidd eigen utdanningsplan tidleg i utdanningsløpet i henhold til oppnåing av læringsmål knytt til spesialiseringsløpet i psykiatri

    Kvalifikasjonar

    • Norsk autorisasjon som lege
    • Gode språkkunnskapar, både skriftlege og munnlege, er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
    • Søkjar må ha førerkort i klasse B
    • Søkjar utan godkjent LIS1 teneste, men med relevant praksis kan vurderast til engasjement

    Personlege eigenskapar

    • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
    • Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
    • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar

    Vi tilbyr

    • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
    • Rekrutteringstilegg
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Full spesialisering i psykiatri i Førde
    • God rettleiing og breitt fagmiljø
    • Nytt og moderne bygg (2021)
    • Aktiv forskings- og utviklingsverksemd
    • Medverknad i prosjekt - blant anna utvikling av NORSE tilbakemeldingssystem
    • Etter nærare avtale kan vi vere behjelpeleg med å skaffe bustad

       
    Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Sigmund Erling Bjørhovde, Seksjonsleiar Legar PSK, (+47) 900 37 348

    Arbeidssted

    Svanehaugvegen 2
    6812 FØRDE

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgiver: Helse Førde

    Referansenr.: 5197208378
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Startdato: 01.03.2027
    Søknadsfrist: 30.11.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Sigmund Erling Bjørhovde

    Seksjonsleiar Legar PSK

    (+47) 900 37 348

    Om bedriften

    Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

    Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    7dac32f8-0355-4821-96da-27f972c457e2

    Sist endret

    19. oktober 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    a1596289ecdb4df097a7457537a6b99f

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser