Lege i spesialisering, fysikalsk medisin og rehabilitering
Læring og meistring, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Lege i spesialisering
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 23. november
Også legar som ventar på LIS1-teneste er velkomne til å søkje.
Er du interessert i Fysikalsk medisin og rehabilitering har vi den rette stillinga for deg. Her vil du møte eit breidt spekter av problemstillingar innan muskel- og skjelettlidingar, rehabilitering, nevrologi, smerteproblematikk og arbeidsrettet oppfølging. Du vil få høve til å følgje pasientar over tid og bidra til å gi pasientane betre funksjon, utfolding og livskvalitet etter sjukdom eller skade.
Vi tilbyr spanande og utviklande stillingar med god moglegheit til å vere med og påverke dette allsidige og spanande fagfeltet si vekst og utvikling? Her er det mogleg å bidra både i sengepost, poliklinikk, gruppebasert behandling og opplæring. Våre legar går ikkje vakt. Vi har tre overlegar og ein LIS.
I sengepost er det tett samarbeid i to tverrfaglege team med god dekning av alle relevante faggrupper, nevropsykolog etter tilvising. Sengeposten er samlokalisert med nevrologi. I vårt sjukehus opplever vi også at vegen til drøftingar og samarbeid med andre fagområder er kort.
Hos oss vil du oppleve tett samarbeid / oppfølging, gode moglegheiter for fagleg utvikling og ein arbeidskvardag prega av samarbeid, læring og faglig interesse. Du blir del av eit sterkt tverrfagleg fagmiljø og får arbeide tett med erfarne terapeutar frå ulike faggrupper. Både i klinisk arbeid, utforming av nye metodar, bruk av ny teknologi (VR), forsking og akademika har vi mykje å tilby. Det er gode sjansar for at nettopp du vil trivast godt hjå oss.
Arbeidsoppgåver og ansvar vert tilpassa di erfaring, kompetanse og faglege utvikling.
Nærområde til sjukehuset har mykje å tilby innan friluftsliv, idrett, kultur og andre opplevingar. Sunnfjord har eit rikt og variert næringsliv med gode arbeids og karrieremoglegheiter.
Arbeidsoppgåver
- Ordinært klinisk pasientarbeid
- Deltaking i fagleg utvikling
- Undervisning knytt til pasientopplæring og intern kompetanseutvikling
Kvalifikasjonar
- LIS i Fysikalsk medisin og rehabilitering, eventuelt annan tilgrensande spesialitet
- Vi søkjer legar med interesse for tverrfagleg samarbeid og erfaring frå spesialisthelsetenesta.
- Legar med autorisajson som ventar på LIS1-teneste
- Gode kommunikative og norskspråklege ferdigheiter
Personlege eigenskapar
- Engasjement for fagfeltet og pasientgruppa
- Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- Vitalt arbeidsmiljø med varierte oppgåver i riktig omfang
- Kompetent tverrfagleg arbeidsmiljø
- Stillinga er utan vaktordning
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Helse Førde kan vere behelpeleg med å skaffe bustad nær sjukehuset
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Are Mikael Lillebø, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 873Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5204450409
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 23.11.2026
Kontaktperson for stillingen
Are Mikael Lillebø
Seksjonsleiar
(+47) 578 39 873
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
25047267-6a41-4f4c-abc6-7e7219d55939
- Sist endret
6. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4841a5a83aff451c8b14edb48d8c116d