Er du opptatt av barn si utvikling og oppvekst?
Fjaler kommune Våge barnehage
Vågsvegen, 6967 Hellevik i Fjaler
Om jobben
- Stillingstittel
- Pedagogisk leiar eller barnehagelærar til Våge barnehage 100 % fast stilling
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 21. januar
Våge barnehage søkjer etter barnehagelærar til ei 100 % fast stilling. Våge barnehage ligg ytst i Fjaler kommune, vi har ein ny fin barnehage med ca. 20 barn.
Vi søkjer fortrinnsvis etter pedagogisk leiar, men barnehagelærar kan òg vere aktuell for stillinga. For rett kandidat vil stillinga bli tilpassa kompetanse og erfaring.
Som pedagogisk leiar vil du ha eit overordna ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av det pedagogiske arbeidet på avdelinga, i tillegg til fagleg rettleiing av personalet. Du har eit særleg ansvar for å sikre at barnehagelova og rammeplanen vert følgde.
Som barnehagelærar vil du arbeide aktivt i det pedagogiske arbeidet saman med resten av personalgruppa, bidra til planlegging og gjennomføring av pedagogiske aktivitetar, og støtte opp under det faglege arbeidet på avdelinga i samarbeid med pedagogisk leiar.
Felles for begge stillingane er at du nyttar di faglege, pedagogiske og etiske kompetanse til å skape ei trygg og inkluderande ramme der barna kjenner seg som ein del av eit fellesskap, får utvikle seg og opplever meistring. Hos oss får du ein variert og kjekk kvardag saman med barna og eit godt arbeidsmiljø med ei fin aldersblanding i kollegiet. Vi har introduksjonsprogram for nytilsette, løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ og svært gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kvalifikasjonar
- Utdanning som barnehagelærar
- Annan treårig godkjendt pedagogisk høgskuleutdanning er velkomen til å søkje
- Gode norskkunnskapar - både skrifteleg og munnleg
- Den som vert tilsett må legge fram godkjend politiattest
Om deg
- Har godt samspel med barn og vaksne
- Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen, med god relasjonskompetanse
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evner å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør
Vi vektlegg at du er personleg eigna til stillinga.
Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga. Vi håper du søkjer og blir vår nye kollega.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
dff04108-65dd-464d-8dba-65b973751e18
- Sist endret
6. januar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3578487_221543_nn
Lignende annonser
Barnevernspedagog
Arbeidsgiver
Emploi
Sted
Nordland, Vestland, Rogaland
Arbeidsgiver
Sunnfjord kommune Omsorg
Sted
Sunnfjord
Arbeidsgiver
Sunnfjord kommune Omsorg
Sted
Sunnfjord