Hopp til innhold

Årsvikariat som pedagogisk leiar i Flekke barnehage

Arbeidsgiver

Fjaler kommune Flekke barnehage

Sted

Hauglandsvegen 50, 6968 Flekke

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Flekke barnehage har ledig eit 100 % årsvikariat som pedagogisk leiar frå 1. mars 2026, med moglegheit for forlenging. Som pedagogisk leiar vil du ha eit overordna ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av det pedagogiske arbeidet på avdelinga, i tillegg til fagleg rettleiing av personalet. Du har eit særleg ansvar for å sikre at barnehagelova og rammeplanen vert følgde.

Vi ser etter deg som er god på å bygge relasjonar til barna og deira føresette og som vil vere med oss på å lage gode kvardagar for store og små. Har du engasjement og initiativ og kan syne empati og gje god omsorg for barna? Då kan det vere nettopp deg vi ser etter.

Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål om stillinga.

Kvalifikasjonar:

  • Pedagogisk utdanning som barnehagelærar eller annan treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjend politiattest før tiltreding
  • Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar

  • Har godt samspel med barn og vaksne
  • Kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
  • Evner å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør

Vi vektlegg at du er personleg eigna til stillinga

Vi tilbyr

  • Ein variert og kjekk kvardag
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
  • Løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Givande leik med flotte barn kvar dag


Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få
høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Flekke barnehage har 36 barn fordelt på tre avdelingar. Barnehagen er lokalisert i same bygg som skulen, og vi har difor ekstra tett samarbeid med skulen. Barnehagen har sterkt fokus på at barna skal oppleve eit trygt og aksepterande miljø, der barna får høve til å nytte og utvikle sine sterke sider på ein god måte i leik og læring. Flekke barnehage ligg i vakre omgjevnader i eit naturrikt område med gode føresetnader for friluftsliv. Aktivitetar kan knytast både til sjø, skog og fjell.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6f0efab7-bb76-4956-a2fd-1ace172fd407

Sist endret

9. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3587669_249255_nn

Lignende annonser