Hopp til innhold

Pedagogisk-psykologisk rådgjevar 100 % fast stilling

Arbeidsgiver

Fjaler kommune PPT Ytre Sogn og -Sunnfjord

Sted

Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest onsdag 11. mars

Vil du vere med og skape eit inkluderande og læringsfremjande miljø for barn og unge? Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk PP-rådgjevar til Pedagogisk-psykologisk teneste for Ytre Sogn- og Sunnfjord.

PPT for ytre Sogn og -Sunnfjord er ei interkommunal teneste for kommunane, Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Høyanger og Solund. Fjaler er vertskommune og stillinga medfører arbeid i samtlege av tenesta sine kommunar. Tilsaman har vi 31 skular og barnehagar i kommunane. Kontoret vårt har tilsaman åtte stillingsheimlar. Kontorstad er Dale i Sunnfjord.

Arbeidsoppgåver

  • utgreiing og sakkunnig vurdering av barn, elevar og vaksne med behov for spesialpedagogisk hjelp eller individuell tilrettelagd opplæring
  • rådgjeving og rettleiing til føresette, barnehagar og skular
  • deltaking i tverrfagleg samarbeid og systemretta arbeid
  • bidra til utviklingsarbeid i tenesta og i samarbeid med andre instansar

Kvalifikasjonar

  • høgare utdanning på masternivå innan spesialpedagogikk
  • dersom manglande master, må søkjar vere villig til å skaffe seg slik utdanning
  • har ein ikkje testkompetanse må ein vere villig til å ta dette   
  • ynskje om ei brei og nyare praksis- og skulerfaring frå arbeid i skule
  • oppdatert på regelverk og lovar
  • erfaring frå PP- tenesta knytt til utgreiing, sakkyndig arbeid og rettleiing er eit ynskje
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne 
  • evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • du må ha førarkort, klasse B. Tenestebil vert nytta i tenesta

Vi legg vekt på at du er personleg egna til stillinga.

 

Vi tilbyr

  • eit utviklingsorientert og fagleg sterkt arbeidsmiljø
  • varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll
  • støtte til vidareutdanning og spesialisering for fast tilsette etter retningslinjer for tenesta/kommunen
  • løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtalar
  • god pensjonsordning gjennom KLP

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Berit Louise Bjørnsen, leiar PPT

+47 95255939

Berit.Louise.Bjornsen@hoyanger.kommune.no

Om bedriften

PPT for ytre Sogn og -Sunnfjord er ei interkommunal teneste for kommunane, Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Høyanger og Solund. Fjaler er vertskommune og stillinga medfører arbeid i samtlege av tenesta sine kommunar. Tilsaman har vi 31 skular og barnehagar i kommunane. Kontoret vårt som har kontorstad i Dale i Sunnfjord har tilsaman åtte stillingsheimlar. Målgruppa er elevar og førskulebarn som treng spesialpedagogisk hjelp, og vaksne som har behov for opplæring etter opplæringslova. PPT er skulen/barnehagen sin sakkunnige instans og er næraste samarbeidspart i spørsmål som gjeld læring og trivsel for elevar/barnehagebarn.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

fd36c62d-da90-40d4-83dd-e2dfe1ccee69

Sist endret

18. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3597949_173797_nn

Lignende annonser