PhD Stipendiat
Divisjon psykisk helsevern/ Forskingsavdelinga psykiatri, Helse Bergen
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen, Haukelandsbakken 15, 5021 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
PhD Stipendiat
Oppstart
1. juni 2025
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Vi lyser ut ein stilling som PhD-stipendiat i Restart-prosjektet: Reetablering av normalt samspel mellom tarm og hjerne ved anorexia nervosa med normal tarmflora
Prosjektet er ein randomisert studie som skal inkludere 36 pasientar over 18 år som startar poliklinisk psykoterapi for anorexia nervosa. Vi vil undersøke om psykoterapi kombinert med tilførsel av normal tarmflora frå frisk givar (fekal mikrobiota transplantasjon, FMT) gir betre forløp enn psykoterapi utan FMT. Prosjektet blir gjennomført i eit samarbeid med Universitetet i København og distriktspsykiatriske sentre i Helse Vest og Helse Møre og Romsdal.
Stillinga er treårig og inneber i tillegg til forsking og forskingsopplæring samarbeid med forskarar ved Universitetet i København, og med einingane som rekrutterer pasientar til studien.
PhD-opplæringa vil gå føre seg i samarbeid med Medisinske fakultet ved Universitetet i Bergen.
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføre obligatoriske aktivitetar i forskingsutdanninga
- Praktisk samhandling med dei einingane som rekrutterer pasientane til studien og med forskingsmiljøet ved Universitetet i København
- Datainnsamling inkludert innsamling og lagring av prøvar, databearbeiding og analyse
- Artikkelskriving og publisering
- Samanskriving av doktorgradsavhandling
- Deltaking i møte med prosjektgruppen, rekrutterande einingar, psykoterapirettleiarar, laboratorium og brukarorganisasjonane
Kvalifikasjonar
- Fullført mastergrad i sjukepleie eller tilsvarande
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- Erfaring med kvantitativ forskingsmetode er ein fordel
- Erfaring med pasientar med psykiske plagar er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Kunne arbeide sjølvstendig og på ein strukturert måte
- Analytisk
- God gjennomføringsevne
- Gode samarbeidsevner
- Gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
- Kan ta ansvar
- Vere løysingsorientert
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Deltaking i eit internasjonalt samarbeid
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Stein Frostad, Prosjektleiar, 95003257, stein.frostad@helse-bergen.noTrude Merete Ramberg, Seksjonsleiar, 55958449, trude.merete.ramberg@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsbakken 155021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4904054259
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.06.2025
Sluttdato: 31.05.2028
Søknadsfrist: 16.02.2025
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2846786
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5186d4518a50458a84e5211eec15d375