Hopp til innhold

Er du klar for å bli ein del av den neste bølgja?

Arbeidsgiver

Havtech As

Sted

Askvoll, Sunnfjord

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Systemutvikler
Oppstart
1. januar 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Målet vårt i Havtech er kort og enkelt å lage enkle og intuitive, moderne produkt som gjer det enda kjekkare å arbeide innen den maritime næringa. Vi gjer det manuelle digitalt, det tunge lett, og det komplekse forståeleg. Vi er her for å transformere korleis vi jobbar, leverer og tenker smartare.

I det kommande året ser vi fram mot mange spennade prosjekt og oppgåver i Havtech. Fleire av dei som jobbar her også har spesielt spennande oppgåver på heimebane i året som kjem, og det gjer at dei blir litt sjeldnare å sjå hos oss. Det gjer at vi søkjer deg -- ja, nett deg -- som har lyst å jobbe saman med oss og utvikle programvare -- og deg sjølv -- i 2026.

Hos oss møter teknologi, menneskeleg varme, og her blir du ein del av eit team beståande av draumearar, praktikarar og kodarar som ser digitaliseringa som det store blå -- som uendeleg og fullt av moglegheiter.

Kva ser vi etter?

Programmererar som liker å ta ansvar og å jobbe i lag med andre. Vi er opptekne av samarbeid, både med kollegaer, kundar og leverandørar. Du er gjerne nyutdanna, eller med noko erfaring. I Havtech vil du uansett få mykje praktisk erfaring i dei teknologiane vi bruker, som Azure Cloud, .NET/ C#, Angular, TypeScript, PostgreSQL. Ved siden av utdanninga di er det alle viktigaste du tek med deg viljen til å lære og utvikle deg.

Vi håper du har engasjement for faget ditt, tenkjer heilheitlege løysingar, er nysgjerrig etter å lære og bruke ny teknologi. Du beherskar både norsk og engelsk. Samtidig samarbeider du godt med andre, delar din kompetanse og bidreg til eit godt fagleg og sosialt miljø.


Tidspunkt for oppstart kan diskutertast.

Om bedriften

Om Havtech

Sidan 2021 har vi samarbeida med lokale rederi på Vestlandet for å skape digitale løysingar som effektiviserer den maritime næringa. Med ei sterk drivkraft for framtidsretta teknologi og havet har vi skapt "Ombord", ei enkel alt-i-eitt-løysing for maritim administrasjon. Målet vårt er å gjere kvardagen både enklare og meir gjevande for rederi og mannskap.

Vi har base i Holmedal, Vestland, og er i dag 8 tilsette. Vi har også arbeidsplassar på Peak Sunnfjord i Førde.

Dette trur vi på i Havtech:

Fleksibel kvardag : Tilpass arbeidsdagen din for ein god balanse mellom jobb og privatliv.

Karriereutvikling : Havtech er grunnlagt på samarbeid og delingskultur. Vi legg vekt på din vekst, med kontinuerlege utviklingsmoglegheiter og den påfyllinga du treng.

Engasjerande og støttande kultur : Hos oss finn du ein arbeidsplass der samarbeid, openheit og eit ekte ynskje om å bidra positivt til samfunnet, står i sentrum.

For meir informasjon sjå og https://havtech.no/jobb-her/

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

dfcd63e9-0428-437a-a87f-5fbebbf62e45

Sist endret

13. desember 2025

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

dfcd63e9-0428-437a-a87f-5fbebbf62e45

Lignende annonser