Hopp til innhold

Arbeide med topp moderne teknisk utstyr omgitt av Noregs vakraste natur?

Arbeidsgiver

OSLAND SETTEFISK AS

Sted

5962 Bjordal

Om jobben

Stillingstittel
Teknikar settefiskanlegg
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk snarest mulig

I Høyanger kommune på sørsida av Sognefjorden finn du den vakre bygda Bjordal. Ei hjørnesteinsbedrift i Bjordal er Osland-konsernet. Omgitt av vakker natur med gode moglegheiter for jakt og fiske finner du ei topp moderne og lokaleigd bedrift, Osland  Settfisk.

 

 Vi søkjer nå ein teknikar i ei nyoppretta stilling.

 

Som teknikar er du med i gjengen (fagbrev innan biologi, elektro, automatikk) som driftar dette og følgjer opp utstyr som gjer at vi får fisken fra rogn til stor-smolt. Spennande arbeidskvardag med moderne teknologi og nye anlegg. Du jobbar med både teknisk vedlikehald og nye prosjekt i eit høgteknologisk og målretta utviklingsarbeid for å sikre eit minimalt fotavtrykk. Den lange erfaringa vår, kompetanse, handtering og fasilitetar sikrer at rogna som vert levert er den beste i rasen. Utviklinga av teknologien vår er ein kontinuerleg innsats, driven av ambisjonen om å setje standarden for kvalitet i bransjen.

 

 

Arbeidsoppgåvene vil vere

  • Drift og oppfølgjing av RAS anlegg
  • Dagleg vedlikehald/reinhald av utstyr
  • Teknisk tilsyn
  • Journalføring og rapportering
  • Delta i utbyggingsprosjekt

 

Vår nye teknikar må ha fagbrev innan relevante fag (elektro/automasjon/mekanisk/røyrleggjar) og ha god teknisk og gjerne biologisk forståing. Søkjarar med erfaring frå andre bransjar enn vår vert oppmoda om å søkje. Det er nødvendig med forståing for prosess (sensorar, elektriske motorar/pumper). Du må kunne arbeide både sjølvstendig og i team og beherske norsk som arbeidsspråk munnleg og skriftleg. Vi har ikkje turnusordning og ønskjer busetjing i eller nær Bjordal evt. vekependling.

 

Osland Settefisk tilbyr

  • Ein interessant jobb og godt arbeidsmiljø
  • Moderne anlegg og utstyr
  • Utfordrande arbeidsoppgåver
  • Gode faglege utviklingsmoglegheiter
  • Sikker arbeidsplass i framtidsretta bransje
  • Konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar
  • Ein jobb der du slepp å tenke på sal, kundar og fakturering
  • Arbeidsgjevar vil kunne vere behjelpeleg med å skaffe eigna bustad

 

Gode livsvilkår for barn og voksne med barnehage, skole, gode tilbud på fritidsaktiviteter/idrettslag og ei bygd med eit godt bomiljø.

 

 

 

Kontaktperson for stillingen

Bjarne Jacobsen

Rådgiver

+4740021570

bjarne@lederhuset.com

Om bedriften

Osland Settefisk er dotter-selskap i Osland AS. 

Produksjonen vår er på nye og moderne settefiskanlegg (RAS) på Sørebø i Høyanger kommune. Vi har konsesjon på 5 mill. smolt og er i dag 16 tilsette.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e7c88e22-9eaa-423e-a9b8-f62e0f640ae5

Sist endret

28. april 2026

Hentet fra

recman

Referanse

475172

Lignende annonser

Laster lignende annonser