Nattevakt - 75 % vikariat
Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester
Leitet 28, 5640 Eikelandsosen
Om jobben
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 75%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 8. desember
Vi søkjer ein engasjert og omsorgsfull helsefagarbeidar til eit 6-månaders vikariat i 75 % nattevaktsstilling. Du blir ein del av eit kompetent nattevaktsteam som arbeider både ved institusjonen og ute i heimetenesta. Stillinga er ledig frå snarast, og turnus inneber nattarbeid med arbeid kvar tredje helg. Fusa bu- og behandlingssenter og heimetenesta er ei eining som driftar både heildøgns institusjon og heimetenester i søre delen av Bjørnafjorden kommune.
Arbeidsstad
Fusa bu- og behandlingssenter i Eikelandsosen
- Utøva forsvarlege tenester til pasientar i tråd med gjeldande krav til kvalitet og lovverk
- Sikre tryggleik og trivsel for bebuarar og heimebuande gjennom natta
- Utføre digitale tilsyn
- Dokumentere og rapportere i tråd med gjeldaned rutinar i fagsystem
- Ha fokus på fagleg utvikling og kompetanse for å yte gode tenester
- Vere ein god rollemodell og bidra til eit godt samarbeid med kollegaer i nattevaktslaget
- Opptre i tråd med kommunen sine verdiar
- Du har autorisasjon som helsefagarbeidar, eller anna relevant utdanning
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
- Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Personlege eigenskapar- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Gode evner til observasjon og dokumentasjon
- Ansvarsbevisst, pliktoppfyllande og evne til å arbeide sjølvstendig
- Omstillingsorinetert og ser moglegheiter framfor begrensningar
- Du er stolt over ditt fag, og tek ansvar for eiga utvikling
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Tverrfagleg samarbeid
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar. Det gis 30.000,- i tillegg i grunnlønn over garantilønnstabellen for stillingar på natt.
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
dfc25660-953b-42a4-9913-73ac95b4e049
- Sist endret
20. november 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3566263_196061_nn
Lignende annonser
Helsefagarbeidar – Natt
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter
Sted
Os
Sjukepleiar/Fagarbeidar i 80% vikariat
Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Husnestunet
Sted
Rosendal
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
Sted
Os